Kva er eigentleg Lærdal Næringsutvikling?

Eitt år av omstillingsperioden er att, og då kan det vera greitt å minna om kva Lærdal Næringsutvikling eigentleg er og ikkje minst kva stønadsordningar me har og korleis desse fungerer.

Kort om bakgrunnen. Lærdal fekk i 2012 omstillingsstatus, tildelt av fylkeskommunen. Grunnen var tap av mange arbeidsplassar fordi 1881 la ned drifta i Lærdal, det hadde vore nedbemanningar på sjukehuset og generelt ein negativ utvikling i folketal. Omstillingsstatusen vart utvida til det maksimale, seks år, då Lærdal vart råka av storbrannen i januar 2014.

Kva inneber det å vera omstillingskommune? Det inneber kort fortalt at ein får ein pott pengar frå fylkeskommunen til å driva omstillingsarbeid. Kva dette eigentleg inneber skal me koma attende til, men kort fortalt går det ut på å leggja grunnlag for varig vekst i næringslivet.  I tillegg til midlane frå fylkeskommunen må kommunen bidra med ein viss eigendel.

Korleis er omstillingsarbeidet organisert i Lærdal? Uansett organisering er det kommunen som har det overordna ansvaret for omstillingsarbeidet. Alle omstillingskommunar må ha eit eige omstillingsstyre, der ordførar skal vera styreleiar, men der styret elles kan setjast saman slik ein ynskjer. Nokre omstillingskommunar driv omstillingsarbeidet i eigen organisasjon, med eigne ressursar. Lærdal kommune har valt å bruka Lærdal Næringsutvikling AS til å følgja opp omstillingsarbeidet. Grunngjevnaden for dette valet var at ein ville knyta omstillingsarbeidet tett opp til næringslivet sjølv. Difor er Lærdal Næringssamskipnad eigar av Lærdal Næringsutvikling AS, saman med Lærdal kommune.

Kor mykje midlar er det snakk om? Her må ein halda tunga litt beint i munnen, men frykteleg komplisert er det ikkje:

1. Omstillingsmidlar: Som nemnd kjem desse hovudsakleg frå fylkeskommunen, med eit bidrag frå kommunen. I Lærdal er kommunen sitt bidrag 25 prosent av den totale summen. Desse midlane kjem frå næringsfondet og kan variera noko frå år til år, men har ligge i storleiksorden 1,0 - 1,2 millionar kroner. Det vil seia at storleiken på midlane frå fylkeskommunen har ligge på det tredobbelte, kring 3,0 - 3,5 millionar kroner årleg. Totalt er det såleis snakk om kring eller i underkant av fem millionar kroner årleg å driva omstillingsarbeid for i Lærdal årleg. Ein del av dette går til å drifta prosjekt i regi av omstillingsprogrammet og Lærdal Næringsutvikling sjølve (som i dag mellom anna omfattar Levande lokaler, kompetanseprogrammet Tataki, arrangementsutvikling og utvikling av næringsarealet på Håbakken). I tillegg er det sett av ein del søkbare midlar for eksterne aktørar. Meir inngåande om dette lenger nede.

2. Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet:  Dette er konsesjonspengar kommunen får frå Østfold Energi, ein pott på 6,6 millionar kroner årleg. Utom dei kring 1,2 millionane som går inn i pkt 1. omstillingsmidlar – som altså er ein føresetnad for midlane frå fylkeskommunen – går desse midlane hovudsakleg til stønad etter søknader frå næringslivsaktørar / potensielle næringslivsaktørar (den som har ein god  bedriftsidè). Etter politisk vedtak forvaltar Lærdal Næringsutvikling dette fondet. Det tyder at styret i LNU innstiller om ein søkjar skal få midlar og kor mykje. Innstillingane går til formannskapet, som altså har siste ord.

Kva kan ein søkja om stønad til? For mange er dette det store spørsmålet, og her finst fleire pottar / ordningar sorterte etter todelinga over (omstillingsmidlar og næringsfondet):

1. Omstillingsmidlar. Her er det først og fremst snakk om større prosjekt som skal bidra til anten å gjera Lærdal attraktivt eller å skapa vekst i Lærdal. Dette kan vera så mangt, men ein grunnregel er at omstillingsmidlane hovudsakleg skal nyttast i ein tidleg fase i utvikling av ein idé som kan føra til enten ei ny bedrift, utvikling av eksisterande bedrifter, utvikling av større arrangement eller aktivitetar der ein kan argumentera godt for at tiltaket vil bidra til å gjera Lærdal meir attraktiv, og føra til vekst i form  av auka verdiskaping og/eller innbyggjartal (alle moment som heng i hop). 

Det snakkast ofte om forstudiar og forprosjekt i omstillingsarbeidet. Dette er nettopp fordi omstillingsmidlar skal nyttast som hjelp i ein tidleg fase, når det kan vera utfordrande å ta stor eigen risiko. 

Søknad om omstillingsmidlar skjer i form av eit sokalla PLP-prosjektskjema; ein metodikk utvikla av Innovasjon Norge. Skjemaet kan kanskje verka innfløkt, men poenget er dels at ein ved å fylla ut eit slikt skjema skal få «strukturert idèen / tiltaket» og at ein har dette skjemaet som mal gjennom sjølve utføringa av prosjektet slik at ein vonleg klarar å halda heilskapsperspektivet. Dessutan hjelper dei tilsette i Lærdal Næringsutvikling til med utfylling av dette skjemaet.

2. Næringsfondet:  Herunder ligg fleire tilskotsordningar som er meir konkret innretta mot visse områder enn omstillingsmidlane nemnde i punkt 1:

– Kompetanseheving (både ekisterande bedrifter og bedrifter i etableringsfasen)

– Arrangementsutvikling (først og fremst stønad til utvikling av nye arrangement, men også eksisterande arrøngarar som vil tilføra heilt nye element i arrangementet sitt kan søkja)

– Tilskot i landbruket (fleire underpottar; tilskot til nydyrking, utviding/bygging av driftsbygning osv)

– Ordinære tilskot (femner breitt, mellom anna tilskot til bedriftsetablering, – utvikling, forprosjekt og i gitte tilfelle investeringar)

Søknadsskjema/prosjektplan for alle desse ordningane, samt retningslinjer, finn du her. Det kan også nemnast at ein del tiltak/prosjekt kan «passa» innunder både pkt. 1 og pkt. 2; lurer du på dette er du hjarteleg velkomen til å fortelja oss i Lærdal Næringsutvikling om tiltaket/prosjektet for å høyra vår vurdering.

Kvifor er det lite rom for å søkja tilskot til konkrete, fysiske tiltak? Først skal det seiast at ein kan søkja om stønad til konkrete investeringar under nemnde «ordinære tilskot». Her blir ein del føresetnader lagt til grunn for at ein skal få midlar, mellom anna at tiltaket skal kunne gje ringverknader og bidra til «varig verdiskaping». Altså bør det ein søkjer om ha ei meining utover å dekkja eit enkelt behov ei enkel verksemd har.

Akkurat dette siste speglar att den overordna «tankegangen» bak omstillingsarbeid. Bakgrunnen for at me i Lærdal Næringsutvikling fokuserer mykje på moment som kompetanseheving, vidareutvikling, heilskap, samhandling / koordinering og leiarskap er at det er på dette planet potensialet for varig vekst i næringslivet ligg. Svært enkelt kan ein seia det slik at ei verksemd ikkje kan få støtte til å rykkja inn eit visst tal annonsar i lokalavisa eitt år fordi midlane ein då ville ha fått berre kasta av seg i form av det ein oppnådde med akkurat dei annonsane. Men, om verksemda søkjer om stønad til å heva kompetansen på marknadsføring og/eller laga ein marknadsføringsplan vil den heva kompetansen og utvikla/heilskaplege forholdet ein får til marknadsføring gjennom ein slik plan kunne bidra til varig vekst for verksemda gjennom betre og meir effektiv marknadsføring.

Det er også viktig å nemna at det ligg klare føringar for kva omstillingsmidlar kan nyttast til frå sentralt hald. Følgjande står i artikkelen på Innovasjon Norge sine nettsider om omstillingsarbeid: «Midlene skal derfor primært brukes til prosjekter i tidlig fase, forstudie og forprosjekt, og er et supplement til de ordinære virkemidlene. Bruken av omstillingsmidlene skal være med å klargjøre og utrede prosjektene som et grunnlag for senere gjennomføring i hovedprosjekt.»

Blir det resultat av omstillingsarbeidet? Ein må kalla ein spade for ein spade og seia at me ligg langt bak måla for kor mange nye arbeidsplassar og innbyggjarar omstillingsarbeidet skulle resultera i. Grunnane til dette kan ein evaluera i det uendelege, og det er også slik at resultata av utviklingsarbeid gjerne kjem på lang sikt, først om mange år.

Men ein ting er klart på generell basis i høve omstillingsarbeid: På den eine sida må næringslivsapparatet i samhandling med kommunen evna å fokusera på dei rette områda og gjera dei rette prioriteringane. På den andre sida må næringslivet i omstillingskommunen fatta interesse for å nytta seg av moglegheitene som ligg i å ha omstillingsstatus. Sviktar det eine eller andre her, har ein ikkje nubbsjanse til å nå måla. 

No er det eitt år att av omstillingsstatusen, og me i Lærdal Næringsutvikling håpar alle som har idèar/tankar/planar som kan vera i retning av det som er skildra ovanfor kjem med desse til oss, så skal me gjera det me kan for å bistå. 

For når me bikkar over i 2019 og omstillingsstatusen har kome til endes er føresetnadene heilt annleis. Me skal jobba med utvikling då og, men då utan dei økonomiske verkemidlane ein får som omstillingskommune.

Søknad om kunstnaropphald i Berlin

Hei, kunstnarar i Sogn og Fjordane!

Me ynskjer deg velkomen til å søkja om kunstnaropphald i Berlin januar-februar eller juli 2018. Saman med Hardanger kunstlag er Lærdal no ein del av eit spleiselag som vil leggja til rette for at lokale kunstnarar/designarar kan søkja arbeidsopphald i Berlin.

Det er viktig at Lærdal som kommune og utviklingsaktør legg til rette for arenaer og rammer som kan vera inspirerande og berikande for våre profesjonelle kunstnarar og kulturaktørar. Me vil at fleire unge menneske skal etablera seg i distriktet. Med erfaringa som medeigar i Berlin-bustaden, og gjennom ditt opphald i Berlin, vonar me også å kunna utvikla ei attraktiv Artist in residence- ordning i Lærdal på sikt. Me ynskjer å invitera profesjonelle kunstnarar frå heile verda til vakre Lærdal, og slik skapa unike opplevingar på tvers av landegrenser, kulturar og kunnskapsfelt.

Me trur Berlin blir eit godt utgangspunkt for nettverksbygging og kompetansetilfang som kjem deg som kunstnar til gode. I tillegg har me stor tru på at du som kunstnar har kunnskap som me i Lærdal kan få innblikk i og læra noko av.  Lærdal sine kriterier for opphaldet er at du som kunstnar/designar deler din kunnskap med lokalsamfunnet/skule/næringsliv i Lærdal. Dette kan vera gjennom utstilling, workshops, prosessar, foredrag o.l. Dette skal skje etter opphaldet ditt i Berlin, utan at dette på nokon måte er retningsgjevande for det arbeidet du vel å dukka ned i under opphaldet i Berlin. Me vurderer søknadane på bakgrunn av arbeid du har gjort før, men set sjølvsagt pris på tankar du har om formidlingsprosjekt i Lærdal i etterkant av opphaldet.

Søknadsfrist for opphald i januar-februar og juli 2017: 10.des

For søknadsskjema klikk her

Send søknaden til:

Lærdal Næringsutvikling AS
Postboks 28
6886 Lærdal

Søknad kan også sendast på e-post til:

post@laerdalnu.no


HUGS TIL SØKNADSSKRIVINGA:

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og designarar frå Sogn og Fjordane.

Søknadsfrist er sett til 10. Des. 2017 med handsaming innan 15.des. 

Som retningsgjevande regel er det høve til å søkja 1.mnd. pr. kunstnar.

Minstetid for opphaldet er to veker. Det kan og søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.

Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.

Er du ein del av ei kunstnargruppe, eller har du samarbeidspartnarar? Det er plass til 3personar pr. periode, slik at det kan vera aktuelt å tildela opphald til inntil tre personar.

Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.

Den som får tildelt opphald i bustaden i Berlin må i etterkant av opphaldet presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke som kjem Lærdal og regionen til gode.

FØLGJANDE VERT LAGT VEKT PÅ I HANDSAMING AV SØKNADANE:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet
  • Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

Søknadane vert vurderte av Lærdal Næringsutvikling og tildeling vert gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglege miljø.

Ordninga skal årleg rapporterast til spleiselaget.

Me ser fram til å høyra frå deg!


6886 Lærdal

Søknad kan også sendast på e-post til:

post@laerdalnu.no


HUGS TIL SØKNADSSKRIVINGA:

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og designarar frå Sogn og Fjordane.

Søknadsfrist er sett til 10. april. med handsaming før utgangen av april.

Som retningsgjevande regel er det høve til å søkja 3 månadar pr. kunstnar.

Minstetid for opphaldet er to veker. Det kan og søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.

Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.

Er du ein del av ei kunstnargruppe, eller har du samarbeidspartnarar? Det er plass til 3personar pr. periode, slik at det kan vera aktuelt å tildela opphald til inntil tre personar.

Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.

Den som får tildelt opphald i bustaden i Berlin må i etterkant av opphaldet presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke som kjem Lærdal og regionen til gode.

FØLGJANDE VERT LAGT VEKT PÅ I HANDSAMING AV SØKNADANE:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.

  • Plan for opphaldet

  • Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

Søknadane vert vurderte av Lærdal Næringsutvikling og tildeling vert gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglege miljø.

Ordninga skal årleg rapporterast til spleiselaget.

Me ser fram til å høyra frå deg!

Styreseminar for leiarar og styremedlemar

Kompetanseutvikling er ein viktig del av omstillingsarbeidet i Lærdal. Dette handlar både om gjennomføring av relevante kompetansetiltak og etablering av møteplassar der næringsdrivande kan møtast for både uformelle og meir formelle aktivitetar.

Som del av dette gjennomfører LNU no eit styreseminar siste veka i april. Seminaret vert gjennomført som to ulike alternativ, slik at flest mogleg skal få høve til å delta. Det eine alternativet er kveldskurs over to kveldar, og det andre alternativet er eit dagskurs.

Seminaret vert gjennomført av Harald Husabø i BDO.

LNU vonar at både leiarar, styremedlemar og andre som har interesse i å læra meir om styrearbeid nyttar denne moglegheita til auka kompetanse og til erfaringsutveksling med andre lokale næringsaktørar.

Seminaret høver for leiarar, styremedlemar og andre som vil læra meir om styrearbeid.

Hovudtema

  • Bakgrunn –kvifor fokus på styrearbeid
  • Rammene for styrearbeid
  • Ansvaret som styremedlem
  • Styret sine hovudoppgåver
  • Styret sitt forhold til dagleg leiar.
  • Korleis drive eit godt styrearbeid som utviklar bedrifta

Tidspunkt

Alternativ 1: To kveldssamlingar 25. og 27. april, begge kveldar kl. 18.00 – 21.30
Påmelding

Alternativ 2: Heildagsseminar den 26. april kl. 08.30 – 16.00
Påmelding

 

Kva skjer i omstillingsprosjektet på Håbakken?

Utvikling av næringsarealet på Håbakken og etablering av nye arbeidsplassar der, er ei hovudsatsing i omstillingsarbeidet i Lærdal. Prosjektet går framover, men ikkje så raskt som ein skulle ynskje. Her føl litt status i prosjektet.  

Håbakken 1

Reguleringsplanarbeidet på Håbakken 1, der Lærdal Grønt SA ynskjer å etablere seg, er ikkje ferdig. Det er kome motsegner frå NVE med omsyn til elva og flaumfare på Moldesida når ein fyller opp med masser på Håbakken. Det vert også  jobba med alternativ avkøyring til næringsområdet. Vi både håpar og trur at områdetkan bli ferdig regulert i løpet av 1. halvår 2017, men dette er avhengig av kor raskt ein får løyst motsegnene. Det er utfordrande å få til næringsområdet på Håbakken slik «mogleigheitsstudien» la opp til. Dette fordi nedre del av området er blitt vesentleg redusert, og at ein sjølvsagt må ta omsyn til det som allereie er etablert på Håbakken. 

Kontrollstasjonen

I moglegheitsstudien for Håbakken låg det som ein føresetnad at kontrollstasjonen til Statens Vegvesen blir flytta til område ved tunellen. LNU har laga ei utgreiing på kostnadar og utforming for ei ny plassering av kontrollstasjon. Kostnadane er høge, så det er vanskeleg å gjennomføre utan at Staten går inn og dekker kostnader. Ein har bevisst venta på ei avklaring om riksveg 52 vert valt som hovudveg mellom aust og vest før ein tek opp spørsmålet med Statens Vegvesen. Val av stamveg har betydning for Statens Vegvesen sin kontrollaktivitet på Håbakken. NTP er ikkje lagt fram i sin heilheit enno, men det som er komme fram er at riksveg 52 over Hemsedal blir hovudveg for næringstransport.  

Utfyllingsmassar

Det er svært positive at ein har fått tilgang på steinmassar, ca. 25.000 m3, som blir henta opp frå Lærdalselva nedanfor Voll-bru og køyrt ned på området mellom Trafikkstasjonen og Slinde Eigedom AS. Det er ideelt å få tak i massar sopass nær Håbakken, då lengda på transporten er svært avgjerande for utfyllingskostnadane. Massane frå elva er ikkje nok, så ein ser samstundes på moglegheiter for å få tak i massar andre stader, nærast mogleg Håbakken.

Håbakken 2

Reguleringsplanen for Håbakken 2 vart godkjent av kommunestyret i Lærdal. Her er det kome inn klage på vedtaket, difor er saka sendt til Fylkesmannen i Sogn og fjordane for endeleg avgjerd.   Ecoinowaste AS, som ynskjer å etablere seg på Håbakken, jobbar med å greie ut kritiske suksessfaktorar før dei tek den endelege avgjerda om å investere og eventuelt etablere seg på Håbakken. Ein av desse faktorane er om dei kan få ta i bruk Håbakken 2, og kva krav som blir stilt til etableringa. 

Vidare framdrift

LNU håper at det no ikkje tek so altfor lang tid før ein har på plass reguleringsplanane for Håbakken, slik at ein får starte arbeidet med å fylle opp og bygge ut næringsområdet. Dei konkrete etableringane det vert jobba med no er som nemnt Lærdal Grønt AS og Ecoinowaste AS. Når ein får avklart dei ytre rammene for næringsområdet kan ein gå meir aktivt ut å «selje» Håbakken.  I tillegg må ein starte dialogen med Statens Vegvesen om mogleg flytting av kontrollstasjonen. 

Tataki-frukost

LNU arrangerte sin første Tataki-frukost på Håbakken den 14. desember. Dei tidlegare frukostmøta har fått nytt namn. TATAKI er blitt det nye samleomgrepet for utviklingsarbeidet i Lærdal. Omgrepet blir difor også nytta på alle møteplassar i regi av LNU.  

Denne gongen hadde me besøk av Tor Arne Ness frå Kaupanger Næringsforening, som fortalte om Kaupus-prosjektet på Kaupanger. Det omfattar m.a. planar for eit Vil Vite senter.

Økonomiservice ynskjer å utvikla tenester innan rådgjeving. Dei har gjennomført både forstudie og forprosjekt med støtte frå omstillingsprogrammet i Lærdal. No er dei i gang med hovudprosjektet. Til dette arbeidet har dei fått tilskot frå næringsfondet i Lærdal kommune. Dagleg leiar Jostein Bugjerde og Kenneth Grøthe informerte om utviklingsprosessen som Økonomiservice er i gang med.

På Tataki-frukosten informerte også dagleg leiar i LNU Arve Tokvam om status og planar framover i næringsarbeidet i Lærdal.

30 næringsdrivande og andre deltok på Tataki-frukosten.

 

Levande Lokale syner fram Gamle Lærdalsøyri på nye måtar

Auka samarbeid melIom ulike aktørar skal skapa liv i fantastiske Gamle Lærdalsøyri. Prosjektet Levande Lokale syner allereie strålande resultat. Akkurat no er det lærdalsjenta Signe Rode Rio si Vinterutstilling som pregar området.

Lærdal kommune er med i det nasjonale pilotprosjektet Levande lokale, saman med Tromsø og Arendal. Målet med prosjektet er å skapa verktøy for korleis norske kommunar kan aktivera tomme lokale. Prosjektet vert koordinert av DOGA - Norsk design- og arkitektursenter.

For Lærdal sin del handlar prosjektet om å auka besøksattraktiviteten og skapa fleire tilbod for lokalsamfunn og tilreisande. Målet er å etablera nye bedrifter og auka samhandlinga mellom eksisterande bedrifter, for med dette å auka verdiskapinga i lokalsamfunnet.

Effektane av prosjektarbeidet skal vera:

  • Nye samhandlingsmetodar og fleire konkrete samarbeidsprosjekt mellom lokale bedrifter
  • Nye innovative produkt basert på Lærdal sine unike fortrinn og historie
  • Nye opplevingskonsept i sentrum
  • Auka attraksjonskraft
  • Bidrag til å styrka Lærdal som reisemål

Det er Tone Boska som er prosjektleiar for Levande Lokale, eit prosjekt som skal gå føre seg i to år, fram til hausten 2018. Det blir mange synlege aktivitetar i regi av dette prosjektet i Lærdal framover. Vinterutstillinga er planlagt og utvikla i samarbeid med designeren Siv Støldal og Signe Rode Rio.

 

Klikk på biltetet for å sjå fleire bilete frå Vinterutstillinga.