Frå journalistikk til næringsarbeid

Odd Helge Brugrand er tilsett i eit seks månadars engasjement som prosjektmedarbeidar i Lærdal Næringsutvikling AS/Omstillingprosjektet i Lærdal.

Brugrand skal mellom anna utarbeide ein info/kommunikasjonsplan for omstillingsprogrammet i samarbeid med Lærdal kommune, samt ta del i andre omstillingsprosjekt.

-Omstillingsstyret treng fleire personellressursar til å følge opp delprosjekta i den omfattande omstillingsplanen. På sikt skal fleire ressursar involverast i arbeidet. Odd Helge Brugrand er tilsett fordi han har god kompetanse på nokre av prosjekta som no treng tett oppfølging. Han har brei internasjonal erfaring og eit stort kontaktnett i inn- og utland, seier dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling AS.

Odd Helge Brugrand er fødd og oppvaksen i Lærdal og jobbar som journalist, fotograf og forfattar. Han kjem til Lærdal etter ni år som utanriksreportar i Baltikum. Brugrand har dei siste åra gjeve ut 16 bøker, dei fleste i Noregs første flyfotobokserie. I 2010 debuterte han med WWII-dokumentaren "16 år og Hitlers soldat".

-Eg får jobbe med noko som står hjartet mitt nært når eg det neste halve året skal jobbe for Lærdal. Eg forlet eit interessant tilvære ute i Europa fordi eg er overtydd om at Lærdal står føre ein opptur. Den oppturen vil eg gjerne vere med på, seier Odd Helge Brugrand.

02.jpg