LNU er på nett

Heimeside.jpg

No kan du halde deg oppdatert om nærings- og omstillingsarbeidet i Lærdal på den nye nettsida til Lærdal Næringsutvikling. 

Det har vore jobba med ei nettside for Lærdal Næringsutvikling AS gjennom delar av 2013. No med dagleg leiar og prosjektmedarbeidar på plass i organisasjonen har arbeidet blitt intensivert. Resultatet ser du framføre deg no.

På nettsidene vil du finne informasjon om arbeidet til Lærdal Næringsutvikling AS og Omstillingsprosjektet i Lærdal.

LNU vil presentere nyhende om næringsarbeidet, omstillingsprosessen og næringslivet i Lærdal. Her vil du etterkvart også finne oversikt over møter og arrangement i regi av LNU. Nettsida vil bli oppdatert og videreutvikla etter kvart.