LNU startar opp med frukostmøter

 Vel møtt til ein god frukost og mykje spanande info frå næringsutviklingsarbeidet i Lærdal.

Vel møtt til ein god frukost og mykje spanande info frå næringsutviklingsarbeidet i Lærdal.

Som eit ledd i dialogen med dei næringsdrivande i Lærdal vil Lærdal Næringsutvikling starte opp med frukostmøter i 2014.

Under møta vil LNU informere om aktuelle saker innan nærings- og omstillingsarbeidet. samt ta opp sentrale, faglege tema.

-Me ynskjer breiast mogleg dialog med næringslivet i Lærdal og faste frukostmøter er ein av fleire arenaer me ynskjer å etablere, seier dagleg leiar Arve Tokvam.

I tillegg ynskjer LNU tilbakemelding og innspel frå næringslivet under slike møte, samt dele inspirasjon.

Første frukostmøte blir i januar/februar 2014 og blir annonsert seinare.