Send oss dine kontaktdata

LNU ynskjer oversikt over alle verksemdene i Lærdal.

For å drive eit best mogleg informasjonsarbeid ut til næringslivet ynskjer Lærdal Næringsutvikling å byggje opp ein database over alle bedriftene i Lærdal kommune.

Databasen skal innehalde den viktigaste kontaktinformasjonen. Slik kan LNU lettare halde næringslivet i Lærdal oppdatert på kva som skjer innan nærings- og omstillingsarbeidet.

Me ynskjer kontaktdata over alle formar for næring i Lærdal, frå enkeltmannsføretak til større verksemder.

Me ber deg sende inn:

Registrert namn på bedrifta
Postadresse
Evt. besøksadresse
Offisiell kontakttelefon
Offisiell epostadresse
Offisiell kontaktperson
Evt. nettside

Send ein epost til oss på post@laerdalnu.no

  Skriv til LNU.

Skriv til LNU.