Utviklingsprosjekt for SMB-bedrifter

Som del av arbeidet med omstillingsprogrammet, vert det i desse dagar starta opp eit prosjekt retta mot små og mellomstore bedrifter (SMB) i Lærdal. 

Basert på vekstpotensiale og interesse frå bedriftseigarane, vert det plukka ut om lag 15 bedrifter til ein forstudie. I denne skal ein vurdere utviklingspotensialet i bedriftene og avklare om det er vilje frå eigarane til å gjennomføre det som skal til. Etter forstudien får ein del av bedriftene tilbod om å delta i eit forprosjekt, der ein får hjelp til å utvikle prosjektplanar for konkrete utviklingsprosjekt. Deltaking i forstudie og forprosjekt er utan direkte kostnad for dei bedriftene som er med, alt blir finanisert frå omstillingsmidlane og med bidrag frå Innovasjon Norge.

I byrjinga av januar vert det avgjort kva bedrifter som blir med i forstudien. Forstudien vil føregå ut februar og forprosjektet er tenkt avslutta før sommaren.

Ta gjerne kontakt med Lærdal Næringsutvikling for meir informasjon om prosjektet.

 Harald Mo i PWC orienterte om SMB-utvikling under infokvelden arrangert av Lærdal Næringsutvikling i 21. november. (Foto: Odd Helge Brugrand)

Harald Mo i PWC orienterte om SMB-utvikling under infokvelden arrangert av Lærdal Næringsutvikling i 21. november. (Foto: Odd Helge Brugrand)