Ny styreleiar i LNU

Rolf Jerving (52) har sidan 1993 drive næringsverksemd i Oslo og Tønsberg samstundes som han har budd i Lærdal. Han har etablert fleire eigedomsselskap og konsulentselskap innan helsesektoren der han framleis er engasjert. Dei siste åra har han vore leiar for eit programvareselskap i Oslo (dRofus AS), som har utvikla eit system for planlegging og administrasjon av store byggeprosjekt. Selskapet er i ferd med å få eit internasjonalt gjennombrot med dotterselskap og tilsette i fleire land, og har nokon av dei største arkitekt- og entreprenørselskapa i verda på kundelista.

Jerving tek over som styreleiar etter ordførar Jan Geir Solheim.