Gründerkveld i LNU

Lærdal treng eit miljø og ein møteplass for potensielle gründerar. LNU ynskjer å vere ein pårdrivar for dette og byrjar med å arrangere gründerkveld 4. november.

Lyst til å delta? Lærdal Næringsutvikling og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane inviterer til gründerkveld i Lærdal, tysdag 4. november kl. 18.00, i LNU sine lokale i 2. etasje over KIWI.

Møtet er for deg som har ein forretningside og som ynskjer å vita korleis du går fram. Eller for deg som lurer på kva moglegheiter som fins for hjelp og støtte til å utvikla ein idè.

Terskelen for å vera med på møtet er låg. Du treng ikkje gå med store revolusjonerande forretningsidear. Faktisk treng du ikkje ha nokon konkret idé i det heile. Lærdal Næringsutvikling ynskjer å skapa eit miljø og ein møteplass for potensielle gründerar i Lærdal. Me startar med gründerkvelden, og planen er å få til fleire treff med ulike tema knytt til ide- og forretningsutvikling.

Slik er programmet: 

Velkomen
    Mat og mingling
Lærdal Næringsutvikling
    Kva arbeidsområde dekker me?
    Kva kan me bidra med?
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane 
    Kva kan Kunnskapsparken hjelpa deg med i utviklinga av forretningsideen din?
    Finansieringskjelder for gründarar
Nettverksbygging
    Samtalar 
    Avdekking av behov og treffpunkt.

Påmelding innan 29. oktober til arve@laerdalnu.no