Kva forventningar har du til kommunen?

Prosjekt «Næringsvenleg kommune» ynskjer å vite kva forventingar næringslivet i Lærdal har til Lærdal kommune og kva ansvarsfordeling det skal vere mellom kommunen og næringslivet.

I regi av omstillingsprogrammet i Lærdal blir det som kjent arbeidd med prosjektet «Næringsvenleg kommune».

Målet er at Lærdal kommune som organisasjon skal bli endå betre til å leggja til rette dei moglegheitene kommunen har for næringsutvikling, og gjera kommunen til ein endå betre samarbeidspartnar for det lokale næringslivet.

For å få til dette er det viktig med ei felles oppfatning hjå kommune og næringsliv av kommunen si rolle og ansvar. I intervjua som vart gjort i forstudien til
«Næringsvenleg kommune» kom det fram at det er litt ulik oppfatning av kva som er ansvaret til kommunen i arbeidet med næringsutvikling.

Som ein del av prosjektet og arbeidet med å bli ein endå meir næringsvenleg kommune, ynskjer Lærdal Næringsutvikling og Lærdal kommune å invitera næringslivet til eit møte onsdag 3. desember kl. 18.00 i Lærdal kulturhus.

Hovudsak er å diskutera forventningar, rollar- og ansvarsforhold mellom kommune og næringsliv i næringsarbeidet. Sentrale spørsmål vil vera:

       ·         Kva forventningar har næringslivet til kommunen?
       ·         Kva skal og kan kommunen gjera?
       ·         Kva må næringslivet sjølve ta ansvar for?

Velkommen til møte!