Nytt kraftselskap kan gje 8-10 nye arbeidsplassar

 Dagleg leiar i AKRAFT AS, Ørjan Bøyum. FOTO: AKRAFT

Dagleg leiar i AKRAFT AS, Ørjan Bøyum.
FOTO: AKRAFT

Det nye straumselskapet AKRAFT er etablert i Lærdal og tek mål av seg å revolusjonere straumrekninga di. Etableringa kan gje åtte til ti nye arbeidsplassar i Lærdal.

Kl. 10.00 i føremiddag tromma Lærdal Energi inn til pressekonferanse for å fortelje at dei startar opp det nye selskapet AKRAFT. Selskapet blir den første straumleverandøren i Noreg som gjer som telebransjen: dei let kunden betala ein lik sum kvar månad uavhengig av straumforbruket. 

-AKRAFT tilfører noko nytt til ein marknad som har vore prega av lite innovasjon etter dereguleringa av kraftmarknaden i 1992. Der dei fleste andre kraftleverandørar har flytta fokus frå sjølve straumleveransen og heller brukt tid og ressursar på å utvikla fordyrande tilleggspakker, vil AKRAFT kun fokusera på billig og enkel straum, seier dagleg leiar Ørjan Bøyum i AKRAFT AS.

Han seier AKRAFT difor ikkje kjem til å levere tilleggspakker, straumforsikring eller spot m/tak fordi dette er fordyrende og unødvendig. AKRAFT skal tilby ein fast sum i månaden.
-Dette er det enklaste, billigaste og beste for forbrukaren, sier Bøyum.

AKRAFT vil også som einaste leverandør i bransjen levera eit bonusprogram som utelukkande beløner lojalitet. Selskapet vil posisjonere seg direkte i konkurranse med andre tungvektarar i bransjen. Selskapet er etablert og 100 prosent eigd av Lærdal Energi AS.

-Etableringa er eit ledd i ein langsiktig strategi som Lærdal Energi har utvikla det siste året, seier styreleiar i AKRAFT og dagleg leiar i Lærdal Energi, Per Gullaksen.

AKRAFT har ein målsetning om å femdoble kundemassen sin i høve eksisterende kundemasse i Lærdal Energi.


Selskapet opplyser at etableringa i løpet av dei neste tre åra vil tilføre Lærdal mellom 8 og 10 nye arbeidsplassar.

Tekst: Odd Helge Brugrand



 Styreleiar i AKRAFT AS, Per Gullaksen FOTO: AKRAFT

Styreleiar i AKRAFT AS, Per Gullaksen
FOTO: AKRAFT