Utlysing av breibandsutbygging i Lærdal

LNU har i dag på vegne av Lærdal kommune lyst ut anbodskonkurranse for utbygging av breiband på strekninga Eri/Hunderi - Seltun. Går alt etter planen, kan arbeidet med utbygginga starta opp i løpet av våren.

Lærdal kommune fekk tidlegare i haust, saman med 22 andre kommunar i Sogn og Fjordane, tilskot frå Post- og teletilsynet til utbygging av breiband i kommunen.

LNU vil koma med fortløpande informasjon om utbygginga etter kvart som prosjektet går framover.