Klart for første frukostmøte

Som eit ledd i dialogen med dei næringsdrivande i Lærdal inviterer me til frukostmøte 4. mars kl. 08.00-10.00 i lokala våre på Øyraplassen 11 (tidlegare 1881-lokala).

Program:

-Frukost
-Informasjon om prosjekt og planar for 2014 i LNU og Omstilling
-Bedriftspresentasjon
-Innspel og diskusjon

-LNU vil informere om prosjekt innan nærings- og omstillingsarbeidet i Lærdal. Me ynskjer tilbakemelding og innspel frå næringslivet, samt dele inspirasjon, seier dagleg leiar Arve Tokvam.

Påmelding innan torsdag 27. februar til post@laerdalnu.no eller 907 85 950.