Ledig stilling - Prosjekt-/administrativ medarbeidar

Bli med å utvikle Lærdal

Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) jobbar med å utvikle eksisterande næringsliv og legge til rette for nyetableringar i Lærdal kommune. LNU er eigd av Lærdal kommune (65,9%) og Lærdal Næringssamskipnad (34,1%). Selskapet held til i moderne kontorlokale i Lærdal sentrum.

Lærdal har status som omstillingskommune, og gjennom dette gode verkemiddel til å utvikle næringslivet og lokalsamfunnet. LNU har det operative ansvaret for gjennomføring av omstillingsarbeidet i Lærdal.

Me treng ein medarbeidar til å jobbe med ulike prosjekt og utføre administrative oppgåver knytt til omstillingsarbeidet. Me søkjer difor etter

Prosjekt-/administrativ medarbeidar

Hovudoppgåvene vil vere:

  • Prosjektarbeid i omstillingsorganisasjonen

  • Administrative oppgåver relatert til omstillingsarbeidet

  • Deltaking i planlegging og gjennomføring av utviklingstiltak og aktivitetar for næringslivet i Lærdal.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning og arbeidserfaring

  • Erfaring med prosjektarbeid, gjerne som prosjektleiar

  • Relevant kunnskap innan økonomi og IT

Me ser etter ein person med gode samarbeidsevner, som likar å jobbe både sjølvstendig og saman med andre, som er strukturert, som likar å ta del i kreative prosessar, og som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Som tilsett i LNU får du ta del i ei spennande utvikling av Lærdal, i eit innovativt og uformelt arbeidsmiljø. Løn og vilkår etter nærmare avtale.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Arve Tokvam, arve@laerdalnu.no eller 907 85 950.

Kortfatta søknad med CV vert å sende til Lærdal Næringsutvikling AS, Postboks 28, 6886 Lærdal eller på e-post til post@laerdalnu.no  innan 17. februar.