11 lærdalsbedrifter med i SMB utviklingsprosjekt

Som del av omstillingsprogrammet i Lærdal, er det i gang eit utviklingsprosjekt for små og mellomstore bedrifter (SMB). 

17 bedrifter var med i forstudiefasen, som nett er avslutta. Der var målet å kartleggja vekstpotensiale og satsingsvilje. 11 av bedriftene har no fått tilbod om å vera med i eit forprosjekt. Der skal det gjerast ein grundigare analyse av bedriftene, og gjennom dette finna fram til tiltak som skal bidra til vekst og utvikling. Målet er meir robuste bedrifter og fleire arbeidsplassar.

Onsdag kveld var dei 11 bedriftene samla til oppstartmøte. Det er omstillingsprogrammet i Lærdal ved Lærdal Næringsutvikling AS som er ansvarleg for gjennomføringa av SMB prosjektet. PWC er engasjert som konsulentar for oppdraget. 

Desse bedriftene er med i forprosjektet:
Aarethun AS
Lindstrøm Hotel AS
Vivendi Lærdal AS
2tal elektro AS
West-Maskin AS
Lokreim Bygg og Betong AS
Ljøsnabui AS
Slinde Transport AS
Nettbuss Eigedom Lærdal AS
Trevaren AS
Meto Pro AS

 Jan Flølo i PriceWaterhouse Coopers (PWC) informerte om SMB forprosjektet. (Foto: Odd Helge Brugrand)

Jan Flølo i PriceWaterhouse Coopers (PWC) informerte om SMB forprosjektet.
(Foto: Odd Helge Brugrand)