Klart for nytt frukostmøte

Fredag 25. april er det duka for eit nytt frukostmøte med LNU. Eit av fleire tema er utanlandsk arbeidskraft.

Frukostmøter er eit av verkemidlane Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) nyttar i dialogen med det lokale næringslivet. Under frukostmøtene vil LNU orientere om aktuelle saker i nærings- og omstillingsarbeidet i Lærdal, og det er høve for dei næringsdrivande å kome med innspel og spørsmål.

Program for frukostmøtet 25. april:
*Regelverk og rutinar knytt til utanlandsk arbeidskraft
*Informasjon frå Framtidsfylket
*Informasjon frå LNU - med høve til å koma med innspel og stilla spørsmål
*Presentasjon av planane for ny Motorikpark ved Lærdal Ferie- og Fritidspark

Stad: Lærdal Ferie- og Fritidspark
Tid: Fredag 25. april kl. 08.00 - 10-00.

Påmelding til post@laerdalnu.no innan 16. april.