Godt frammøte på frukostmøte

Nesten 30 frammøtte fekk høyre om den nye given innan næringsutvikling i Lærdal då Lærdal Næringsutvikling heldt sitt første frukostmøte.

Medan styret i Omstilling Lærdal lagde maten i lokala til Lærdal Næringsutvikling AS (LNU), fekk næringslivet informasjon om dei over 30 næringsprosjekta som LNU/Omstilling i Lærdal for tida arbeider med.

-Noko av det viktigaste me gjer i omstillings- og næringsutviklingsarbeidet er å ha dialog med næringslivet. Ein av fleire måtar me har valt å gjere dette på, er frukostmøter, sa dagleg leiar Arve Tokvam.

Tokvam tok føre seg måla med omstillingsarbeidet i Lærdal, som mellom anna er å etablere minst 50 nye arbeidsplassar og gje Lærdal minst 100 nye innbyggarar innan 2017. Han kunne fortelje om pågåande prosjekt som kan vere med på å nå det målet.

Ordførar Jan-Geir Solheim peikte ut konkrete behov som lærdalssamfunnet treng, og som det lokale næringslivet kan dra nytte av.

-Mellom anna treng me fleire bustadar. Seinast på fredag hadde eg samtalar med aktørar utanbygds som vil bygge leiligheter på eigen risiko og utan stønad. Er ikkje næringslivet i Lærdal på hugget no, kan det hende aktørar kjem utanfrå og bygger husvera me treng, sa Solheim.

LNU vil under kvart frukostmøte invitere ei lokal verksemd til å informere om kva dei kan tilby. Denne gong var Lærdal IT-park invitert. Dette er ei ny verksemd i Lærdal som tilbyr eit breidt spekter av IT-tenester. Dagleg leiar Øystein Lysne orienterte kva tilbod Lærdal IT-park kan tilby næringslivet og andre. Attendemeldingane frå dei frammøtte var positive og vitna om at etter ei stund med negativitet etter nedlegging av arbeidsplassar og dårleg kommuneøknomi, er ting i ferd med å snu i Lærdal.

IMG_7031 (3).JPG