Nye medarbeidarar i LNU

Inga Jane Vie Karlsen og Aleksander Øren Heen er tilsett i Lærdal Næringsutvikling AS.

Begge skal jobbe med prosjekt i omstillingsarbeidet.

Inga Jane Vie Karlsen (53) frå Øvre Årdal er tilsett i ei fast stilling som prosjektkoordinator. Ho er utdanna marknadsøkonom frå BI og har i tillegg ein del fag innan organisasjon og leiing. Ho har gjennom sitt yrkesaktive liv jobba innan sal og marknad, personal, kvalitetsstyring og kvalitetsforbetring, samt rettleiing. Vie Karlsen har tidlegare jobba 25 år i Hydro Aluminium og 2 år ved Norsun. Ho byrjar i LNU 17. mars.

Aleksander Øren Heen (24) frå Årdalstangen er tilsett i ei treårig prosjektstilling. Øren Heen har fagskule innan bygg og er bygg/tømrarmeister. Han har vore sjølvstendig næringsdrivande og jobbar i dag som byggeleiar. Øren Heen er lokalpolitikar i Årdal, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane og vararepresentant til Stortinget. Han byrjar 1. juni.


 Aleksander Øren Heen skal drive næringsutvikling i Lærdal. (Foto: privat)

Aleksander Øren Heen skal drive næringsutvikling i Lærdal.
(Foto: privat)

IMG_7044.JPG

Dagleg leiar Arve Tokvam og prosjektkoordinator Inga Jane Vie Karlsen.
(Foto: Odd Helge Brugrand)