No kan du bli best på å søke om tilskot

Lær om kva som er mogleg å søka på av tilskot, og lær å skrive betre søknader. No inviterar Lærdal Næringsutvikling til kurs i bruk av Tilskuddsportalen.

Tilskuddsportelen er eit nettbasert verktøy på private, nasjonale og fylkeskommunale tilskotsordningar, samt fond og stiftelsar for allmennnyttige føremål. I portalen kan du leite og søke mellom 1400 tilskot, samt samarbeide og dele informasjon.

Kurset er for frivillige lag og organisasjonar i Lærdal og passar best for leiarar eller søknadansvarleg i desse organisasjonane. Kurset og bruken av portalen er heilt gratis. Lærdal kommune har kjøpt abonnement for deg.

Frivillige lag og foreningar kan:
• Finna tilskot dei kan søka på
• Lesa siste nytt om tilskot
• Dela informasjon og læra av kvarandre
• Motta viktig informasjon frå kommunen
• Få eit månadleg nyhendebrev med tips om tilskot

Kurstid: Tysdag 29. april kl. 18.00-20.00
Stad: LNU sine lokale, Øyreplassen 8, andre høgda
eller Lærdal Kulturhus, kinosalen (avhengig av tal deltakarar).
E-post med møtestad vil bli sendt 16. april, dvs. etter påmeldingsfrist.

Program
 Generelt om tilskot
 Tips til betre søknadsskriving
 Bruk av Tilskuddsportalen
Kursleiar er Per Egil Bakke for Scan4news.

Påmelding innan 15. april til Inga Jane Vie Karlsen, e-post: ingajane@laerdalnu.no