Lakkhallen er i drift

Så langt har tre personar fått arbeid i den nye lakkhallen til Nettbuss i Lærdal. I dag var det offisiell opning.

Den nye hallen representerar ein liten revolusjon for dei tilsette. Den har kosta rundt fem millionar kroner og arbeidsstokken har så langt blitt auka med to nye fast tilsette og ein lærling.

-Den nye hallen frigjer plass og det kan bli endå meir produksjon her etter kvart, var bodskapen til teknisk leiar Guttorm Gullaksen då han gav lokalpressa, tilsette og andre frammøtte ei orientering om nyvinninga. Ut rulla den første bussen som er heillakkert i hallen. Gullaksen meinte bussen var den første som nokon gong er blitt heillakkert i Lærdal.

Hallen er bygd nesten utelukkande av norske tilbydarar, og Nettbuss har nytta fleire lokale verksemder i bygginga.

-Hallen og alt i den betyr enormt mykje for oss, sa Gullaksen, og meinte ikkje berre produksjonsmessig:

-Arbeidsdagen og arbeidsmiljøet for dei tilsette er som natt og dag.

 Denne "tørkeroboten" lettar lakkeringsarbeidet monaleg. Frå venstre journalist Kjell Eldegard i Sogn Avis, regionsdirektør Per Steinar Sviggum i Nettbuss, ordførar Jan-Geir Solheim i Lærdal kommune, lakkerar Karl Haugland og teknisk leiar Guttorm Gullaksen.

 Dei tilsette med den første bussen som er blitt lakkert i den nye lakkhallen.

Dei tilsette med den første bussen som er blitt lakkert i den nye lakkhallen.