Nasjonal løyveeining vert lagt til Lærdal

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen startar med seks årsverk, men lovar enda meir når Nasjonal løyveeining no skal etablerast i Lærdal.

I ein pressekonferanse klokka 15.30 i andre høgda av Øyraplassen 11 (tidlegare 1881-lokala) annonserte Statens Vegvesen og vegdirektør Terje Moe Gustavsen at dei etterlengta statlege arbeidsplassane som Lærdal vart lova i mai 2012, no kjem på plass. Nasjonal løyveeining vert lagt til Lærdal. I fyrste omgang gjev det seks nye årsverk. Men vegdirektøren sa dette berre var starten, han sa etableringa vil gje endå fleire arbeidsplassar etter kvart i Lærdal.

- Nasjonal løyveeining skal kontrollere at alle som driv godstransport i Norge har nasjonale transportløvye og at dei innfrir krava til det. Men me skal også etterkvart gjere det same med internasjonale transportløyve i EU og EØS-området. Då vil det bli fleire tilsette. Grunnen til at me ikkje seier kor mange fleire arbeidsplassar det blir og når dei kan etablerast, er at me ikkje veit korleis dette EU-regelverket blir, eller når det kjem, sa Gustavsen.

-Statens Vegvesen er svært positive til å legge slike verksemder til samfunn som Lærdal. Me har god erfaring med desentraliserte einingar, fortsatte Gustavsen.

Nasjonal løyveeining sentraliserar funksjonar som i dag ligg i kvart av dei 19 fylka våre. Ordførar Jan-Geir Solheim hadde difor stor tru på at talet arbeidsplassar vil auke, og sa 8. april 2014 er ein merkedag for Lærdal.

-Me har hatt forventningar til denne dagen. Me trengte ei gladmelding i Lærdal og no har me fått det. Statlege arbeidsplassar treng me. Eg likar tilnærminga til Vegdirektoratet og har klokketru på at her blir det endå fleire arbeidsplassar, sa Solheim.

Nasjonal løyveeining skal etablerast i Øyraplassen 11 (tidlegare 1881-lokala) og skal etter ein testperiode opne 1. januar 2015. Dei som skal tilsetjast er ein dagleg leiar, samt folk med kompetanse innan juss, økonomi/budsjett og sakshandsamarar med språkkunnskapar.

 Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og ordførar Jan-Geir Solheim i lokala der Nasjonalt løyveeining skal halde til. (tekst og foto: Odd Helge Brugrand)

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og ordførar Jan-Geir Solheim i lokala der Nasjonalt løyveeining skal halde til.
(tekst og foto: Odd Helge Brugrand)