Nytt IT-selskap i Lærdal

Øystein Lysne har skapt sin eigen arbeidsplass med bedrifta Lærdal IT-park i Øyragata 55a.

 Øystein på plass med ny kompetansebedrift i Lærdal.

Øystein på plass med ny kompetansebedrift i Lærdal.


-Det nye selskapet tilbyr PC-support, hosting-tenester og webutvikling. Samt hjelp med alt av nettsider, nettbutikk, utvikling/oppdatering på nett. Og så har eg nyleg starta opp kursverksemd. 

Det fortel Øystein Lysne, som for nokre veker sidan vart synleg med sitt nye selskap Lærdal IT-park i lokala der det tidlegare var frisørsalong.

I desse lokala driv han også Webmonster, som er ein nystarta ungdomsorganisasjon for datainteressert ungdom i Sogn.

-Her er det ope «hangouts» på onsdagar, der ungdom kan ta med seg PC eller bruke spelemaskinane me har her. Me har ulike tema, driv med gaming og så vidare. Og så har me ein dataverkstad. Ungdom kan lære seg å reparere og skru på PC, fortel Lysne.

I dei store lokala han disponerar i Øyragata 55a er det også eit rom med lerret og projektor der han viser film. Jamnleg blir det arrangert datatreff hjå Lærdal IT-park.

-So langt har me satsa på lærdalsungdommen. Men me ønsker å utvide til bygder i nærområdet, fortel Lysne.

Han er svært nøgd med starten i Lærdal.

-Det har gått veldig bra! Eg tykkjer privatpersonar og spesielt bedrifter i Lærdal har vore flinke til å nytte meg. Dei ynskjer å bruke lokale krefter og tykkjer det er flott at det no fins slik type kompetanse i bygda. Lærdal Næringsutvikling har vore flinke til å legge til rette for meg. Eg er nøgd så langt.

Han driv også litt sal av datautstyr, men mest på bestilling. Og så tilbyr han kjøpshjelp. Folk som treng nytt datautstyr kan rådføre seg med Øystein før kjøp, slik at dei kjøper rett.

Øystein Lysne er oppvaksen i Lærdal, men har budd i Oslo og Drammen dei siste 8-9 åra. Under tilflyttingshelga i fjor fekk han med seg sambuar og tre born og flytta attende til Lærdal. Med seg på lasset hadde han to andre verksemder han allereie dreiv.

Tekst og foto: Odd Helge Brugrand

 Inne hjå Lærdal IT-park.

Inne hjå Lærdal IT-park.

 Storskjerm og projektor for film og eventuelt speling.

Storskjerm og projektor for film og eventuelt speling.