Skal lære av kvarandre

Torsdag og fredag samlar tre omstillingskommunar i Sogn og Fjordane seg for å lære av kvarandre.

Hyllestad og Askvoll har hatt omstillingsstatus lenger enn Lærdal, men utfordringane våre er mykje dei same, og me ynskjer difor å utveksle erfaringar med kvarandre.

Det er omstillingsorganisasjonen i Lærdal som er vertskap for samlinga. Samlinga vil ta for seg ulike tema og går over to inspirerande og matnyttige dagar.