Folketalet aukar i Lærdal

 Me er blitt fleire lærdøler for andre kvartal på rad.

Me er blitt fleire lærdøler for andre kvartal på rad.

Folketalet i Lærdal auka med seks personar første kvartal i år

Det viser årets første kvartalsoversikt frå Statistisk Sentralbyrå. Lærdal auka folketalet frå 2174 innbyggarar ved årsskiftet, til 2180 innbyggarar 31. mars i år. Statistikken viser at Lærdal både har fødselsoverskot og innflyttingsoverskot. 

Lærdal har sidan 2012 hatt status som omstillingskommune etter nedlegginga av 1881 og endringar ved Lærdal sjukehus, samt reduseringar hjå Lærdal kommune grunna dårleg kommuneøkonomi. Dette førte ei stund til folketalsnedgang.

Men ein arbeidsplassoversikt publisert av Lærdal Næringsutvikling 5. mai, viste at lærdalssamfunnet har generert 52 nye arbeidsplassar frå hausten 2013 til våren 2014.

Arbeidsplassoversikten viste òg at folketalet hadde auka i siste kvartal 2013. Denne folketalsoppgangen held altså fram i 2014.
 

 Utdrag av statistikken til Statistisk Sentralbyrå som vart publisert i dag. Lærdal kommune er utheva.

Utdrag av statistikken til Statistisk Sentralbyrå som vart publisert i dag. Lærdal kommune er utheva.