Idèmyldring om Håbakken

No kan du påverke korleis Håbakken skal utviklast. LNU arrangerar folkemøte og vil ha DEG med på ei idèmyldring.

 Håbakken midt mellom Oslo og Bergen har stort potensiale. Har du idear eller forslag til kva området kan nyttast til? Kom gjerne på folkemøte om Håbakken 30.juni.

Håbakken midt mellom Oslo og Bergen har stort potensiale. Har du idear eller forslag til kva området kan nyttast til? Kom gjerne på folkemøte om Håbakken 30.juni.

Håbakken er eit av dei viktigaste kryssa på Vestlandet og ligg midt mellom Oslo og Bergen. Potensialet er stort. Eit av prosjekta i handlingsplanen for omstilling i Lærdal er ein moglegheitsstudie for Håbakken og målet er å kartlegge potensialet for næringsutvikling.

Folkemøtet skjer måndag 30. juni kl. 19.00 i kroa på Håbakken. Her vil du møte representantar for LNU, lokale politikarar og  andre som har innspel og idear til kva som kan skje på Håbakken.

Folkemøtet ynskjer diskusjon og idèmyldring rundt fylgjande tema:

1) Kva er potensialet for næringsutvikling på Håbakken?
2) Utvikling på Håbakken i samanheng med utvikling av Lærdalsøyri?

Vel møtt!