Øren Heen inn på LNU-laget

1. juni byrja Aleksander Øren Heen som prosjektkoordinator i Lærdal Næringsutvikling/Omstilling Lærdal.

Øren Heen er 26 år gamal og bur i Vikadalen i Årdal.

Han har fagskule innan bygg og er bygg/tømrarmeister. Siste åra har han vore sjølvstendig næringsdrivande mellom anna som byggeleiar, og busett i Bergen.

Øren Heen er lokalpolitikar i Årdal, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane og vararepresentant til Stortinget.

Han var blant søkjarane på stillinga som vart utlyst i vinter.

 Aleksander Øren Heen er tilsett i ei tre-årig engasjementstilling og skal jobbe med prosjekt i omstillingsarbeidet.

Aleksander Øren Heen er tilsett i ei tre-årig engasjementstilling og skal jobbe med prosjekt i omstillingsarbeidet.