Slik ser det ut i nye Løyvehuset

Andre høgda av Løyvehuset er no ombygd og klar til bruk. Til å byrje med får 11 personar arbeidsplassen sin her.

Etter ein hektisk sommar med byggjeaktivitet i lokala som tidlegare husa Opplysningen 1881, står no moderne næringslokale klar for nye verksemder. Dersom du kjem på besøk i andre høgda og nyttar inngangen ved trappa til Kiwi, vil du sjå at det store lokalet no er ombygd til fleire mindre rom med eigne inngangar.

 KLAR: Seksjonsleiar May Britt Berge Solheim gler seg til å ta i bruk dei nye lokala til Nasjonal Transportløyveseksjon.

KLAR: Seksjonsleiar May Britt Berge Solheim gler seg til å ta i bruk dei nye lokala til Nasjonal Transportløyveseksjon.

Den største nyetableraren og den som krev mest areal er Nasjonal Transportløyveseksjon. Nytilsett seksjonsleiar May Britt Berge Solheim gler seg til å ta i bruk dei lyse lokala som i det siste har fått på plass ein smakfull og pen kontorinnreiing. 12 splitter nye arbeidsstasjonar står klare. Merkelappane frå leverandøren heng framleis på.

-I starten vil seks tilsette ha arbeidsplassen sin her. Men eg håpar det blir fleire etter ei stund. Nasjonal Transportløyveseksjon skal vere i drift frå 1. januar, fortel Berge Solheim.

Mange søkjarar
At Lærdal er i fokus for tida, syner talet på søkjarar. Det var ni søkjarar til juriststillingane og 68 søkjarar til sakshandsamarstillingane. Med andre ord ynskjer nær 80 personar å jobbe i Lærdal. Ifølge Berge Solheim kjem søkjarane frå heile landet. Som me hugsar er det ikkje lenge sidan det var litt vanskelegare å rekruttere folk til bygda.

 MØTEROM: Nasjonal Transportløyveeining får gode arbeidstilhøve.

MØTEROM: Nasjonal Transportløyveeining får gode arbeidstilhøve.

Næringsselskapet på plass
Vegg i vegg med transportløyveseksjonen og berre skilt med glasvegger, ligg dei nye lokala til Lærdal Næringsutvikling AS. Etter å ha sete midt i ombyggingsstøyen i sommar er dagleg leiar Arve Tokvam og staben på to glade for å kome i eigne lokale.

 NÆRING: Dei nye lokala til Lærdal Næringsutvikling AS. Arve Tokvam (t.v.) og Inga Jane Vie Karlsen (t.h.) 

NÆRING: Dei nye lokala til Lærdal Næringsutvikling AS. Arve Tokvam (t.v.) og Inga Jane Vie Karlsen (t.h.) 

 PÅ JOBB: Dagleg leiar Knut Skår er på plass i Okken Kraft KF.

PÅ JOBB: Dagleg leiar Knut Skår er på plass i Okken Kraft KF.

Okken Kraft KF er den tredje verksemda som har fått plass i det nyombygde huset.
Dagleg leiar Knut Skår er den første du ser om du kjem på besøk i andre høgda.

Ledig for etablerarar
Men det er plass til meir næringsaktivitet i Løyvehuset. I hjørna rett ovanfor inngangspartiet til Kiwi står eit stort kontorlokale innflyttingsklart.

Med andre ord har Lærdal no også tidsmessige og moderne kontorlokale som står ledig til firma som vil etablere seg.

 FOR ETABLERARAR: Dette lokalet er ledig. Det har ein verdi for Lærdal at lokale står ledig for firma som vil etablere seg.

FOR ETABLERARAR: Dette lokalet er ledig. Det har ein verdi for Lærdal at lokale står ledig for firma som vil etablere seg.