Over 140 jobbar kan bli ledige

Fram til 2017 kan det bli behov for over 140 nye arbeidstakarar i Lærdal.
Årsaken er pensjonsavgang.
 

 Lærdal sjukehus.

Lærdal sjukehus.

Ein næringsanalyse som vart laga i 2013 i samband med utarbeiding av omstillingsplanen for Lærdal, avdekka at det kan ligge eit stort rekrutteringsbehov i det lokale næringslivet dei neste åra. 

I dei største bedriftene i Lærdal vil 146 yrkesaktive personar nå pensjonsalder (62 år) innan 2017. Dette gjeld både privat og offentleg sektor.

Det betyr at over 140 arbeidsplassar kan bli ledig i Lærdal.

 Lærdal kommune er den største arbeidsgjevaren.

Lærdal kommune er den største arbeidsgjevaren.

Samtalar

-Det er gjennom samtale med dei største bedriftene, som mellom anna Lærdal Energi, Lærdal kommune, Lærdal sjukehus og dei største byggselskapa at desse tala kjem fram. Me har fått tala ned på sektornivå i kommunen, seier Harald Husabø i BDO, som utarbeida næringsanalysen for Lærdal i fjor. 

Kor mange, og kor fort, arbeidsplassane blir ledig, kjem an på når arbeidstakarane ynskjer å pensjonere seg. Som kjent kan folk halde på til dei er minst 70 år.

Det kjem også an på om bedriftene vel å erstatte personen. Sidan det er eit år sidan næringsanalysen var klar, er fleire av arbeidstakarane over 62 år alt gått av med pensjon. LNU veit om ei verksemd som har erstatta personane, medan ei anna har inndrege ei stilling. I tillegg er kommunen i ein nedbemanningssituasjon på grunn av dårleg kommuneøkonomi.
 

Etterkrigskull

 Indre Sogn Sparebank si avdeling i Lærdal.

Indre Sogn Sparebank si avdeling i Lærdal.

- Tala er prega av at det er etterkrigskulla, folk fødd på 50-talet, som no går av. Den gong var det stor vekst i barnekulla, forklarar Husabø.

Denne nasjonale trenden viser også att i Lærdal. Samanliknar me med det totale talet på sysselsette i kommunen, er det cirka 14 prosent av den totale arbeidsstyrken som no skal skiftast ut.

Tala i næringsanalysen føyer seg inn i blant fleire gode arbeidsplass-nyhende i Lærdal siste tida:

*I mai melde Lærdal Næringsutvikling (LNU) at det frå august 2013 og ut mai 2014 har blitt skapt eller varsla 52 nye arbeidsplassar i Lærdal.

**Førre veke skreiv LNU om det avslutta SMB-prosjektet som har potensiale i seg til å skape 50 nye arbeidsplassar dersom bedriftene innfrir det dei sjølve har vore med å planlegge i prosjektet.

 Lærdal har mange sysselsette innan bygg og anlegg.

Lærdal har mange sysselsette innan bygg og anlegg.

***Og no fortel me om næringanalysen som viser at det fram til 2017 kan bli over 140 arbeidsplassar ledig etter folk som går over i pensjonsalder.

Tekst: Odd Helge Brugrand