Søkjer rekneskapsførar grunna auka oppdragsmengde

Økonomiservice AS lyser etter rekneskapsførar til hovudkontoret i Lærdal.

-Grunna auka oppdragsmengde treng me ein ekstra rekneskapsførar, seier Jostein Bugjerde i Økonomiservice AS.

Stillinga er ei nyoppretta 100-prosentstilling med sete på hovedkontoret i Hansegardsvegen 1 på Lærdalsøyri. Selskapet ynskjer å få på plass den nye rekneskapsføraren raskt.

Økonomiservice AS er ein av dei større sjølvstendige rekneskapsførarselskapa som er att i landet.
Hovedkontoret ligg i Lærdal, med avdelingar i Årdal, Sogndal og Vang. Verksemda har hatt god og sunn vekst dei siste åra, og har no 22 tilsette og solid økonomi.

Selskapet har vekstambisjonar både geografisk og innan kva tenester dei skal tilby.