Eit digitalt kjempeløft for Lærdal

Alle innbyggarane mellom Hunderi/Eri og Seltun vil no få lynraskt Internett.

Det er klart etter at det i dag vart offentleg kjent at Lærdal får tildelt breibåndsmidlar frå Post- og Teletilsynet.

Det er Lærdal kommune via Lærdal Næringsutvikling (LNU) som har søkt tilsynet om pengane. Og kommunen har fått beløpet det vart søkt om. 159 husstandar i dette området kan difor sjå fram til ein betre internettkvardag.

-Utbygginga vil bli lyst ut på anbod så snart me har fått meir informasjon om tildelinga. Me håpar å kome i gang med utbygginga så raskt som mogleg, seier dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling.

Det er likevel vanskeleg å seie eksakt når utbygginga vil byrje. 

Tildelinga frå Post- og Teletilsynet er eit kjempeløft for innbyggarane i Lærdal. Utbygginga er viktig for at folk også i framtida kan bu i grendelaga våre. Og det er viktig for verksemder som vil etablere seg, til dømes på Håbakken. Etter utbygginga vil det i utgangspunktet ikkje vere skilnad mellom Internett på Ljøsne eller Internett i til dømes New York.

Post- og Teletilsynet har gjeve tilsagn på 1 841 668 kroner. 

Frå før har Lærdalsøyri, Saltkjelen og begrensa områder av Borgund lynraskt Internett. Resten av Borgund kjem med i neste søkerunde.

Tekst: Odd Helge Brugrand