Her kan det kome nye husvære

Fretland Bygg AS set no i gang eit forprosjekt som skal sjå på moglegheitene for å bygge fleire attraktive husvære i Mari-Jakobvegen 1.

bilde 11.JPG

Det er det gamle Potetlageret som blir vurdert ombygd og utvida. I dag husar bygget snikkarverkstad, lager, kontor, veterinærvakt og husvære, og er eigd av selskapet. 

-Forprosjektet skal lage ei skisse for heile bygget, som blir delt opp i fleire byggesteg. Blir planane realisert vil me i første omgang prioritere del 1, som gjeld den delen av bygningen som ligg langs Uthushaugen. Me vil vurdere å bygge om bygningen, samt utvide bygget framover på området bak gartneriet, fortel dagleg leiar Terje Brugrand i Fretland Bygg.

Ulike storleikar
Han kan ikkje seie kor mange leiligheter det blir snakk om. Den prosessen startar først onsdag, når firmaet skal ha første møte med arkitekten.

-Men me tek sikte på eit godt antal husvære i ulike storleikar. Det blir leiligheter i to plan, og dei vil bli tilrettelagt for både nyetablerarar, eldre og familiar. Truleg blir det heis til dei som vil bu på øvste planet,  seier Brugrand

Fretland Bygg har nytta Potetlageret mellom anna som lager, og set i gong dette prosjektet fordi dei ikkje lengar har behov for heile bygget. Dessutan har både Lærdal Næringsutvikling og Lærdal kommune signalisert at Lærdal treng bustadar for innflyttarar i tida som kjem.

 Første byggetrinn inneber ombygging av denne fløyen, samt ei forlenging framover mot gartneriet.

Første byggetrinn inneber ombygging av denne fløyen, samt ei forlenging framover mot gartneriet.

-Så no løftar me fram dette for å måle interessa. Husværa i Mari-Jakobvegen vil ha eit godt potensiale. Dei vil bli sentrumsnære, bebuarane slepp å ha bil, og det er like kort veg til skulen som det er til butikkane på Øyri.

På lang sikt, og dersom heile Potetlageret vert bygd om til leiligheter, vil bakgården bli bygd om til ein inneområdepark, eller bygård, som det også kallast.

Fekk pengar

Styret i Lærdal Næringsutvikling tilrådde å gje Fretland Bygg eit tilskot på inntil 70 000 kroner frå Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet til å gjennomføre forprosjektet. Lærdal formannskap har vedteke tilskotet, som utgjer 29,1 prosent av totalkostnaden av forprosjektet.

 Bakgården, som i dag fungerar som utelager, blir bygd om til bygård dersom heile bygningen blir gjort om til husvære.

Bakgården, som i dag fungerar som utelager, blir bygd om til bygård dersom heile bygningen blir gjort om til husvære.

Tekst og foto: Odd Helge Brugrand