SMB-forprosjekt kan gje arbeidsplassar

SMB-prosjektet er avslutta og kan føre til 50 nye arbeidsplassar i Lærdal.

Det mykje omtala SMB-prosjektet (SMB = små og mellomstore bedrifter) vart avslutta i sommar. Gjennom prosjektet er det laga utviklingsplanar for 11 verksemder i Lærdal. 

 Harald Mo i PWC har vore innleigd som prosjektleiar for SMB-prosjektet i Lærdal.  Tekst og foto: Odd Helge Brugrand

Harald Mo i PWC har vore innleigd som prosjektleiar for SMB-prosjektet i Lærdal. 
Tekst og foto: Odd Helge Brugrand

- No er det opp til verksemdene å gjennomføre tiltaka som dei sjølve har vore med på å skissere. Tiltaka har som mål å betre innteninga og få fleire tilsette, seier dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling/Omstilling i Lærdal.

I planane som er laga for dei 11 bedriftene, er det skissert at tiltaka skal føre til vel 50 nye arbeidsplassar i Lærdal.

-Dette føreset at verksemdene gjennomfører planane sine som skissert, og at dei lukkast med å oppnå den effekten dei har sett føre seg, seier Tokvam.

Prosjektet har vore finansiert gjennom omstillingsarbeidet som pågår i Lærdal.