11 nye arbeidsplassar på plass

 Kommunalsjef Margun Thue.

Kommunalsjef Margun Thue.

Dette viser at også ein kommune kan drive næringsutvikling, sa kommunalsjef Margun Thue då ho informerte om Sogn Lokalmedisinske Senter (LMS) under næringslivsfrukosten på Håbakken torsdag morgon.

Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) inviterte til årets første frukostmøte. 21 personar frå næringslivet i Lærdal møtte opp på Håbakken kro. Det var her kommunalsjef Margun Thue informerte om det store arbeidet som er lagt ned i å etablere Sogn Lokalmedisinske Senter lokalisert til Lærdal Sjukehus. Senteret står no ferdig og startar opp i februar. Frå 1. mars skal senteret vere i full drift.

-Det har vore vanskeleg å få med alle kommunane i regionen med for felles helseteneste. Men no startar me. Det er veldig kjekt at me har klart å rekruttere godt kvalifiserte sjukepleiarar og legar til LMS. 11 nye arbeidsplassar er på plass, sa Thue.

 

 

 

 


Det nye senteret skal innehalde:

*
Interkommunal legevakt: Lærdal, Årdal og Aurland.
*Interkommunal legevaktsentral for Lærdal, Årdal, Aurland,
Luster, Sogndal, Leikanger og Vik
*Døgntilbod øyeblikkeleg hjelp, fem sengeplassar: Lærdal, Årdal,
Aurland og Leikanger.
*Kreftkoorinator: Lærdal, Årdal og Aurland
*Kompetanseutvikling/Fangnettverk: Alle kommunane
*Utvikling av pasientforløp: Alle kommunane


Thue fortalde at det var investert i mykje nytt utstyr i senteret og at du kan fylgje utviklinga på deira heimeside: www.sognlms.no

Resten av møte orienterte dagleg leiar Arve Tokvam i LNU om omstillingsarbeidet i Lærdal. Som kjent fekk Lærdal i samarbeid med Årdal omstillingstatus i 2012 etter tap av arbeidsplassar. Tokvam orienterte om handlingsplanen og måla for 2015.

Frukostmøtene til LNU er eit gratis lågterskeltilbod til næringslivsaktørar og andre som er interessert i omstillings- og lokalsamfunnsutvikling. 

 Dagleg leiar Arve Tokvam orienterte dei frammøtte om omstililngsarbeidet og status per no.

Dagleg leiar Arve Tokvam orienterte dei frammøtte om omstililngsarbeidet og status per no.