Ber heile bygda inn til kartkafe

Viktig folkemøte 7. mai: Folk i alle aldrar blir bedd inn til folkemøte når arkitektgruppa Cubus vil ha innspel på korleis Lærdalsøyri skal utviklast for framtida.
 

  Arkitektgruppa Cubus kallar alle i Lærdal inn til «kartkafe» i kulturhuset 7. mai kl. 18.00. Frå venstre landskapsarkitekt Axel Sømme, sivilarkitekt Maria Molden, arkitekt/planleggar Tina Sinclair og prosjektleiar Tone Boska. 

Arkitektgruppa Cubus kallar alle i Lærdal inn til «kartkafe» i kulturhuset 7. mai kl. 18.00. Frå venstre landskapsarkitekt Axel Sømme, sivilarkitekt Maria Molden, arkitekt/planleggar Tina Sinclair og prosjektleiar Tone Boska. 

Lærdal kommune har starta eit tettstadsutviklingsprosjekt som skal peike ut korleis Lærdalsøyri kan utviklast og kva rolle tettstaden skal ha i framtida.

Attreisinga
Prosjektet er ein del av attreisinga etter storbrannen og skal finne ut kva som kan gjere Lærdalsøyri til ein meir aktiv og triveleg tettstad å besøkje, drive næring og bu i. For eksempel gjennom nye møteplassar og romlege kvalitetar.

Ein viktig del av arbeidet er å sjå på moglegheitene for å skape nye arbeidsplassar og ny næringstuvikling med utgangspunkt i folk si lyst, kunnskap og kompetanse.

Prosjektet ligg under omstillingsprogrammet, og programmet v/LNU har inngått ein rammeavtale med arkitektgruppa Cubus i Bergen. Torsdag 7. mai inviterer arkitektgruppa til folkemøte i Lærdal kulturhus.

Kartkafe
-Me inviterer folk på aldersheimen, elevar på skulen, vaksne og unge – alle – til å møte opp denne ettermiddagen for å kome med innspel. Prosessen om korleis Øyri skal utviklast er open og det er med innspel frå innbyggarane at me kan finne fram til gode fagelge råd og forslag til løysing. Difor vil me involvere så mange som mogleg i det me kallar «kartkafe», seier sivilarkitekt Maria Molden i Cubus.

Namnet kjem av at veggene i kulturhuset vil vere fylde av store kart over Lærdalsøyri under folkemøtet. Her kan dei som deltek peike, forklare eller teikne ut idear. Molden tykkjer Lærdal har mykje å spele på når det gjeld historie, natur og ressursar,og ynskjer at lærdølene kan drøyme litt rundt ny bruk av det me har.

Ungdom først
Kartkafeen byrjar klokka 18.00. Den blir delt opp i to bolkar. Fyrste delen er for borna og ungdommen, som skal drive med workshop og kome med innspel. Deretter kl 19.00 kjem ein bolk der Cubus skal fortelje om oppdraget sitt og der alle kan kome med innspel og få informasjon. Målet er å finne fram til korleis Lærdal kan bli endå betre for næringslivet, folk og turistar.

-Me har inngått samarbeid med Lærdalsøyri skule og elevrådet. Elevane er svært positive og dei blir viktige bidragsytarar under kartkafèen, fortel Molden.

Alle elevar som tek med seg  meir enn tre vener eller slekt vil bli med i trekninga av ein premie på workshopen. Hvis den blir ferdig vil ungdomskuleelevar vise film som dei har laga.
-Men det er viktig å understreke at dette er eit folkemøte for heile familien. Alle må kome, seier Maria Molden.

Opp til deg
Tettstadutviklingsprosjektet er avgrensa til området mellom sjukehusvegen og fjorden, og mellom fjellet og elva. Arkitektgruppa Cubus har gjennomført slike tettstadprosessar i andre kommunar og fått nasjonal merksemd for arbeidet sitt.

-Me driv langsiktig planlegging og kjem ikkje til Lærdal med ferdige løysingar. Det er lærdølene som skal komme med ønsker og forslag, og så skal me jobba ut i frå det, seier Maria Molden.

  Kva skal til for denne staden? Det er mykje opp til deg. Men då må du møte på kartkafe 7. mai og seie meininga di. 

Kva skal til for denne staden? Det er mykje opp til deg. Men då må du møte på kartkafe 7. mai og seie meininga di.