Klart for breibandsutbygging Eri/Hunderi - Seltun

Lærdal kommune har i dag inngått avtale med Sognenett AS om utbygging av fibernett på strekninga Eri/Hunderi – Seltun. Lærdal kommune fekk i fjor haust tildelt breibandmidlar frå Post- og teletilsynet (no Nkom) til denne utbygginga. Prosjektet har vore ute på anbod. Med bakgrunn i anbodsprosessen er altso Sognenett valt som utbyggjar av fibernettet. Det er Lærdal Næringsutvikling AS som koordinerer prosjektet på vegne av Lærdal kommune.

Utbygginga som no skal skje vil gje breibandtilbod på fiber til alle innbyggjarane på strekninga Eri/Hunderi – Seltun. Det er enno for tidleg å seia heilt nøyaktig når fibernettet kan vera på plass i dei ulike husstandane på strekninga. Dette vil me koma tilbake til etter kvart. Det me kan seia no er at prosjektet vil starta opp i nær framtid og skal vera heilt avslutta innan utgangen av august 2016.

Lærdal Næringsutvikling og Sognenett vil i nærmaste framtid gjennomføra informasjonsmøte for aktuelle kundar, der det vil bli informert nærmare om utbygginga. Dato for dette vil bli annonsert på e-post og på nettsidene til LNU og Lærdal kommune. 

 Ole Petter Hatlevoll (dagleg leiar i Sognenett) og Alf Olsen jr. (rådmann i Lærdal) har signert breibandsavtale

Ole Petter Hatlevoll (dagleg leiar i Sognenett) og Alf Olsen jr. (rådmann i Lærdal) har signert breibandsavtale