Informasjonsmøte om breibandsutbygging

Hei,

Det vert informasjonsmøte om breibandsutbygginga Eri/Hunderi – Seltun onsdag 13. mai kl. 18.30 i gymsalen på Ljøsne skule. 

Lærdal kommune har inngått avtale med Sognenett AS om utbygging av fibernett på denne strekninga. Sognenett vil vera med på møtet for å informera om prosjektet, framdrift, abonnement, prisar osv.

Det vil vera høve til å inngå avtale med Sognenett allereie på møtet.