Belysning av bygningar i Lærdal

Luminator, ei verksemd som prosjekterer og leverer belysningsløysingar, har sett på moglegheiter for belysning av bygningar, vegar og stiar i Lærdal. I samband med dette har me invitert dei hit til å ha ein presentasjon. Denne blir i kommunestyresalen torsdag 25. juni kl. 20.00.

Innhald i presentasjonen:      

1.      Kva skal til for å få eit godt lysanlegg?
2.      Presentasjonar av  prosjekt som er gjennomført andre stader
3.      Ideforslag til belysning av stader i Lærdal
4.    Økonomiske berekningar
5.    Idear om belysning av gang, sykkelveg, trimløyper
6.      Eventuelt, spørsmål og diskusjon

Presentasjonen er open for alle.