Framdrift for breibandsutbygginga Eri/Hunderi - Seltun

Etter informasjonsmøtet på Ljøsne skule den 13. mai, har tida gått med til å planleggja sjølve utbygginga og på kundekontakt. Det å få på plass kundeavtalar er eit viktig grunnlag for detaljplanlegging av utbygginga. Personar i utbyggingsområdet som ikkje er blitt kontakta, kan ta kontakt med Sognenett på tlf. 951 92 222 eller e-post post@sognenett.no

Framdriftsplan for utbygginga er i grove trekk slik:

Strekking av fiber, både hovudliner og liner inn til kundar, vil ta til i midten av august. Det meste av fiberen skal hengjast på stolpar, men det vil også bli ein del graving. Sognenett vil ta direkte kontakt med alle som har inngått kontrakt, for å avtala når og korleis fiber skal førast fram til den einskilde. Kundeinstallasjonane kan ikkje skje før nettet heng saman, og etter planen vil dei første tilknytingane skje frå desember. Etter planen skal alt vera ferdig ved utgangen av august 2016.

Fristen for å teikna abonnement til den prisen som var opplyst på informasjonsmøtet er 30. september. Etter dette vil prisen auka noko. 

Spørsmål frå abonnentar i samband med tilknyting til nettet skal rettast direkte til Sognenett på tlf. 951 92 222 eller e-post post@sognenett.no