STYRE- OG LEIARKURS

Til hausten arrangerer LNU styre- og leiarkurs. Kurset går over to samlingar og høver for leiarar, styremedlemar, gründerar og andre som ynskjer å utvikla seg til betre utøvarar innan desse områda.

Samling 1: Fredag 23. oktober og laurdag 24. oktober
Samling 2: Fredag 20. november og laurdag 21. november

Fredag kl. 09.00 - 18.00 og laurdag 09.00 - 14.00

Kurset gjev kunnskap om og innsikt i grunnlaget for å vera med i eit styre og for å utøva leiarrolla:

  • Lovrammer
  • Det økonomiske rammeverket
  • Ansvar
  • God styre- og leiarteori i praksis

Tema i kurset:

  • Generelle rammer for styre og leiar - viktige lovrammer
  • Styre og leiar sine viktigaste oppgåver
  • Samspelet mellom styre og leiar
  • Økonomiske føresetnader og rammer for styre og leiing
  • Strategiske føresetnader for styre og leiing
  • Organisatoriske rammer for styre og leiing
  • Kontrollmessige rammer for styre og leiing
  • Samfunnsansvar
  • Periodisk evaluering av styre og leiing
  • Planlegging og oppfølging av arbeidsåret for styre og leiing

Me kjem tilbake med meir informasjon og påmelding etter sommaren. Kurset vil ha ein eigendel på deltakaravgift.

Ta kontakt med Arve Tokvam om du har spørsmål til kurset.
arve@laerdalnu.no
907 85 950