Sterk auke i sysselsetjinga i Lærdal

I følgje SSB auka talet på arbeidsplassar i Lærdal med 72 i fjor. Lærdal er no ein av dei kommunane i landet der det private næringslivet har størst vekstkraft. 

Tala kjem fram i NHO sitt årlege kommunebarometer som vart lagt fram i førre veke. NHO basarar seg på statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Statistikken viser:

Sysselsette etter bustad i Lærdal:

2013: 1119
2014: 1145 (+26)

Sysselsette etter arbeidsstad i Lærdal:
2013: 1010
2014: 1082 (+72)

Dette gjer at Lærdal kommune gjer eit kraftig byks på NHO sitt kommunebarometer. Frå cirka 361. plass i 2012 har kommunen avansert til
288. plass i 2014 - ein framgang på 73 plassar (sjå graf 1).

Ser me på næringslivet er tala endå betre. Medan vekstkraften i privat sektor var mellom dei aller dårlegaste i landet i 2012, blir Lærdal no rangert på 122. plass. I privat sektor har Lærdal ein vekst på 16,6 prosent i sysselsetjinga, som er nest best i Norge. Landsgjennomsnittet ligg på 1,2 prosent, ifølge NHO (sjå graf 2).

Lærdal kommune fekk i 2012 omstillingsstatus. Målsetjinga i omstilingsperioden som varar ut 2017, er 100 nye arbeidsplassar. Ordførar Jan Geir Solheim meiner målretta arbeid er byrja betale seg.

-Utviklinga i førre periode gjorde Lærdal til ein omstillingskommune. I denne perioden har me hatt fokus på næringsutvikling og rigga næringsapparatet vårt på ein annan måte. Me ser at det virkar. Me er berre i startgropa, seier Solheim.

Utviklinga i tal arbeidsplassar kjem på tross av at Lærdal kommune som organisasjon har redusert budsjettet og tal tilsette.

 Utviklinga på NHO sitt kommunebarometer. Lærdal er på veg opp att.

Utviklinga på NHO sitt kommunebarometer. Lærdal er på veg opp att.

 Grafen viser rangering etter vekstkraft i det private næringsliv. Lærdal nærast stormar oppover og det private næringslivet var nest best i landet i fjor.

Grafen viser rangering etter vekstkraft i det private næringsliv. Lærdal nærast stormar oppover og det private næringslivet var nest best i landet i fjor.