Styre- og leiarkurs

Som informert om tidlegare i sommar, så vil LNU i haust arrangera eit styre- og leiarkurs. Kurset går over to samlingar á 2 dagar.

Strategi og leiararbeid må planleggast, strukturerast og gjennomførast på ein forsvarleg måte. Styret og leiarane er ansvarlege for at det vert utøvd eit forsvarleg arbeid. Kurset tek føre seg korleis ein best mogleg kan oppfylle desse oppgåvene.

Kurset gjev kunnskap om, og innsikt i, grunnlaget for å starte ei verksemd, samt vere med i eit styre og å utøve leiarrolla. Kva er lovrammene, kva er det økonomiske rammeverket, kva er ansvaret, kva er gode strategi - /leiarteoriar og – praksis. I kurset kjem vi kjem inn på alt frå grunnleggjande økonomiforståing til innsikt i strategi-, organisasjons- og kontrollarbeid.

Meir informasjon om kurset og påmeldingsinformasjon fin du på denne lenka.

Påmeldingsfrist er fredag 9. oktober.