Engasjerte deltakarar på folkemøte om Levande lokale

Saman med Tromsø og Arendal er Lærdal kommune plukka ut til å delta i det nasjonale pilotprosjektet Levande lokale. Prosjektet vert leia og koordinert av DOGA - Norsk design- og arkitektursenter. Målet med prosjektet er å utvikla gode verktøy som norske kommunar kan nytta i arbeidet med å motverka sentrumsdød og skapa levande sentrumsmiljø. For Lærdal sin del handlar det om korleis me kan få nytt liv i Gamle Lærdalsøyri, gjennom å pussa, formidla og aktualisera den unike perla.

Lærdal si deltaking i prosjektet vert koordinert av Lærdal Næringsutvikling, med Tone Boska som prosjektleiar. Sidan april i fjor har ho jobba med eit forprosjekt for å avdekka kva satsingar som skal jobbast med dei komande to åra. Lærdal har valgt å tilnærma seg prosjektet gjennom bruk av kunst og kultur.

Før jul arrangerte LNU, saman med DOGA, eit ope møte i Gamlebanken for å informera interesserte lærdøler om prosjektarbeidet. Om lag 25 engasjerte personar deltok på møtet. Der fekk dei høyra Marte Marstrand i DOGA fortelja om det nasjonale perspektivet i prosjektet. Tone Boska fortalte om arbeidet lokalt i Lærdal, og korleis ein gjennom tre ulike delprosjekt no skal skapa liv i og formidla dei unike verdiane som ligg i Gamle Lærdalsøyri. 

Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, snakka om omstillingsarbeidet i Lærdal, der utvikling av Lærdalsøyri er ei prioritert oppgåve, og at suksessen vil handla om å skapa meir aktivitet i sentrum gjennom heile året, ved å etablera gode møteplassar for både innbyggjarar og besøkande.

LNU har trekt inn ekstern kompetanse i prosjektet, personar med ekspertise og erfaring frå bruk av kunst og kultur som verkemiddel for produktutvikling, møteplassar og auka attraktivitet. Siv Støldal, Kjell-Erik Ruud og Marita Vangen Bratteteig fortalte alle om mykje spennande som skal skje i Lærdal dei komande to åra.

LNU oppmodar folk om å engasjera seg i prosjektet. Interesserte kan ta kontakt med prosjektleiar Tone Boska.