Jan Petter Vadheim tilsett som prosjektleiar

Lærdal Næringsutvikling AS har tilsett Jan Petter Vadheim i stilling som prosjektleiar i omstillingsarbeidet. Vadheim kjem frå stilling som direktør for forretningsutvikling i Lerum AS. Han har vore ein del av leiargruppa i Lerum i 24 år, m.a. 4 år som administrerande direktør.

Ei av arbeidsoppgåvene til Vadheim når han byrjar i LNU, blir oppfølging av omstillingsprosjektet knytt til Håbakken Næringspark, som er peika ut som ei hovudsatsing i omstillingsarbeidet framover.

Jan Petter Vadheim byrjar i jobben i LNU 2. mai.