Kartlegging av bustadbehov

Lærdal kommune ynskjer å leggja til rette for bygging av nye bustader og utnytting av eksisterande bustadmasse i alle delar av Lærdal kommune.  I samband med dette har kommunen difor sett i gang ei spørjeundersøking for å kartleggja behovet for bustader. Dersom du vurderer å byggja, flytta eller har behov for ny bustad i den komande 5-årsperioden vil me svært gjerne at du tek deg tid til å svara på spørjeundersøkinga. Me vil gjerne også ha svar frå deg som t. d har ein einebustad og som ynskjer å flytta inn i eit mindre husvære.

All informasjon i spørjeundersøkinga er anonym, og resultatet vil bli brukt som eit av fleire grunnlag i kommunen sitt arbeid med planlegging av framtidige bustadformer og bustadområde.
 

Lenke til spørjeundersøking