Informasjon om fiberutbygging på Borgund

Lærdal kommune har inngått avtale med Telenor om utbygging av breiband på strekninga Sjurhaugen - Maristova. Prosjektet er finansiert med midlar frå Nkom.

Kontrakten gjer at alle innbyggjarane på strekninga no vil få tilbod om fibertilknyting.     

Måndag 27. juni var det gjennomført eit informasjonsmøte på Borgund, der Telenor informerte om framdrifta i prosjektet, om ulike abonnementstypar og om ulike praktiske sider ved utbyggingsprosjektet.

Det er vanskeleg å sei når den einskilde innbyggjar vil få innlagt breiband, men utbygginga skal vera avslutta i løpet av sommaren 2017.

I desse dagar går det representantar for utbyggjar rundt til innbyggjarane på strekninga. Dei vil informera om ulike abonnementstypar og prisar, og det vil vera mogleg å inngå kontrakt om breibandstilknyting og TV.

Dersom du ikkje er heime når dei går rundt, kan du ta kontakt med dei på følgjande måte:

Telefon: 98415426
Epost: vt@incitex.no