Her kjem fire nye arbeidsplassar

Lærdal får fire nye arbeidsplassar når den nye lakkeringshallen til Nettbuss står ferdig.

To av fire nye tilsette er allereie på plass i den nye hallen. Dei hypermoderne lokala gjev plass til ny lakkeringshall, opprettingshall og betre plass til dekkskifting. Anlegget stettar alle krav til miljø og utstyret som i desse dagar kjem på plass, er hypermoderne.

Endre Johan Rygg frå Sogndal og Martin Olsen frå Lærdal er dei to fyrste som er tilsett. To andre skal på plass etterkvart.

-60 prosent av alle bussreparasjonar til Nettbuss i region Sogn og Fjordane vil no bli utført i Lærdal. I tillegg har me ansvar for 30 bussar frå Hallingdal, fortel teknisk leiar Guttorm Gullaksen i Nettbuss Lærdal. 

Nettbuss fekk sommaren 2013 inntil 390 000 kroner i stønad frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet til ny lakkboks, kompetanseheving og marknadsføring i samband med etableringa av hallen. 

 Frå venstre: Endre Johan Rygg, Guttorm Gullaksen og Martin Olsen.                                      (Foto: Odd Helge Brugrand)

Frå venstre: Endre Johan Rygg, Guttorm Gullaksen og Martin Olsen.                                     
(Foto: Odd Helge Brugrand)