Kva er eigentleg Lærdal Næringsutvikling?

Eitt år av omstillingsperioden er att, og då kan det vera greitt å minna om kva Lærdal Næringsutvikling eigentleg er og ikkje minst kva stønadsordningar me har og korleis desse fungerer.

Kort om bakgrunnen. Lærdal fekk i 2012 omstillingsstatus, tildelt av fylkeskommunen. Grunnen var tap av mange arbeidsplassar fordi 1881 la ned drifta i Lærdal, det hadde vore nedbemanningar på sjukehuset og generelt ein negativ utvikling i folketal. Omstillingsstatusen vart utvida til det maksimale, seks år, då Lærdal vart råka av storbrannen i januar 2014.

Kva inneber det å vera omstillingskommune? Det inneber kort fortalt at ein får ein pott pengar frå fylkeskommunen til å driva omstillingsarbeid. Kva dette eigentleg inneber skal me koma attende til, men kort fortalt går det ut på å leggja grunnlag for varig vekst i næringslivet.  I tillegg til midlane frå fylkeskommunen må kommunen bidra med ein viss eigendel.

Korleis er omstillingsarbeidet organisert i Lærdal? Uansett organisering er det kommunen som har det overordna ansvaret for omstillingsarbeidet. Alle omstillingskommunar må ha eit eige omstillingsstyre, der ordførar skal vera styreleiar, men der styret elles kan setjast saman slik ein ynskjer. Nokre omstillingskommunar driv omstillingsarbeidet i eigen organisasjon, med eigne ressursar. Lærdal kommune har valt å bruka Lærdal Næringsutvikling AS til å følgja opp omstillingsarbeidet. Grunngjevnaden for dette valet var at ein ville knyta omstillingsarbeidet tett opp til næringslivet sjølv. Difor er Lærdal Næringssamskipnad eigar av Lærdal Næringsutvikling AS, saman med Lærdal kommune.

Kor mykje midlar er det snakk om? Her må ein halda tunga litt beint i munnen, men frykteleg komplisert er det ikkje:

1. Omstillingsmidlar: Som nemnd kjem desse hovudsakleg frå fylkeskommunen, med eit bidrag frå kommunen. I Lærdal er kommunen sitt bidrag 25 prosent av den totale summen. Desse midlane kjem frå næringsfondet og kan variera noko frå år til år, men har ligge i storleiksorden 1,0 - 1,2 millionar kroner. Det vil seia at storleiken på midlane frå fylkeskommunen har ligge på det tredobbelte, kring 3,0 - 3,5 millionar kroner årleg. Totalt er det såleis snakk om kring eller i underkant av fem millionar kroner årleg å driva omstillingsarbeid for i Lærdal årleg. Ein del av dette går til å drifta prosjekt i regi av omstillingsprogrammet og Lærdal Næringsutvikling sjølve (som i dag mellom anna omfattar Levande lokaler, kompetanseprogrammet Tataki, arrangementsutvikling og utvikling av næringsarealet på Håbakken). I tillegg er det sett av ein del søkbare midlar for eksterne aktørar. Meir inngåande om dette lenger nede.

2. Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet:  Dette er konsesjonspengar kommunen får frå Østfold Energi, ein pott på 6,6 millionar kroner årleg. Utom dei kring 1,2 millionane som går inn i pkt 1. omstillingsmidlar – som altså er ein føresetnad for midlane frå fylkeskommunen – går desse midlane hovudsakleg til stønad etter søknader frå næringslivsaktørar / potensielle næringslivsaktørar (den som har ein god  bedriftsidè). Etter politisk vedtak forvaltar Lærdal Næringsutvikling dette fondet. Det tyder at styret i LNU innstiller om ein søkjar skal få midlar og kor mykje. Innstillingane går til formannskapet, som altså har siste ord.

Kva kan ein søkja om stønad til? For mange er dette det store spørsmålet, og her finst fleire pottar / ordningar sorterte etter todelinga over (omstillingsmidlar og næringsfondet):

1. Omstillingsmidlar. Her er det først og fremst snakk om større prosjekt som skal bidra til anten å gjera Lærdal attraktivt eller å skapa vekst i Lærdal. Dette kan vera så mangt, men ein grunnregel er at omstillingsmidlane hovudsakleg skal nyttast i ein tidleg fase i utvikling av ein idé som kan føra til enten ei ny bedrift, utvikling av eksisterande bedrifter, utvikling av større arrangement eller aktivitetar der ein kan argumentera godt for at tiltaket vil bidra til å gjera Lærdal meir attraktiv, og føra til vekst i form  av auka verdiskaping og/eller innbyggjartal (alle moment som heng i hop). 

Det snakkast ofte om forstudiar og forprosjekt i omstillingsarbeidet. Dette er nettopp fordi omstillingsmidlar skal nyttast som hjelp i ein tidleg fase, når det kan vera utfordrande å ta stor eigen risiko. 

Søknad om omstillingsmidlar skjer i form av eit sokalla PLP-prosjektskjema; ein metodikk utvikla av Innovasjon Norge. Skjemaet kan kanskje verka innfløkt, men poenget er dels at ein ved å fylla ut eit slikt skjema skal få «strukturert idèen / tiltaket» og at ein har dette skjemaet som mal gjennom sjølve utføringa av prosjektet slik at ein vonleg klarar å halda heilskapsperspektivet. Dessutan hjelper dei tilsette i Lærdal Næringsutvikling til med utfylling av dette skjemaet.

2. Næringsfondet:  Herunder ligg fleire tilskotsordningar som er meir konkret innretta mot visse områder enn omstillingsmidlane nemnde i punkt 1:

– Kompetanseheving (både ekisterande bedrifter og bedrifter i etableringsfasen)

– Arrangementsutvikling (først og fremst stønad til utvikling av nye arrangement, men også eksisterande arrøngarar som vil tilføra heilt nye element i arrangementet sitt kan søkja)

– Tilskot i landbruket (fleire underpottar; tilskot til nydyrking, utviding/bygging av driftsbygning osv)

– Ordinære tilskot (femner breitt, mellom anna tilskot til bedriftsetablering, – utvikling, forprosjekt og i gitte tilfelle investeringar)

Søknadsskjema/prosjektplan for alle desse ordningane, samt retningslinjer, finn du her. Det kan også nemnast at ein del tiltak/prosjekt kan «passa» innunder både pkt. 1 og pkt. 2; lurer du på dette er du hjarteleg velkomen til å fortelja oss i Lærdal Næringsutvikling om tiltaket/prosjektet for å høyra vår vurdering.

Kvifor er det lite rom for å søkja tilskot til konkrete, fysiske tiltak? Først skal det seiast at ein kan søkja om stønad til konkrete investeringar under nemnde «ordinære tilskot». Her blir ein del føresetnader lagt til grunn for at ein skal få midlar, mellom anna at tiltaket skal kunne gje ringverknader og bidra til «varig verdiskaping». Altså bør det ein søkjer om ha ei meining utover å dekkja eit enkelt behov ei enkel verksemd har.

Akkurat dette siste speglar att den overordna «tankegangen» bak omstillingsarbeid. Bakgrunnen for at me i Lærdal Næringsutvikling fokuserer mykje på moment som kompetanseheving, vidareutvikling, heilskap, samhandling / koordinering og leiarskap er at det er på dette planet potensialet for varig vekst i næringslivet ligg. Svært enkelt kan ein seia det slik at ei verksemd ikkje kan få støtte til å rykkja inn eit visst tal annonsar i lokalavisa eitt år fordi midlane ein då ville ha fått berre kasta av seg i form av det ein oppnådde med akkurat dei annonsane. Men, om verksemda søkjer om stønad til å heva kompetansen på marknadsføring og/eller laga ein marknadsføringsplan vil den heva kompetansen og utvikla/heilskaplege forholdet ein får til marknadsføring gjennom ein slik plan kunne bidra til varig vekst for verksemda gjennom betre og meir effektiv marknadsføring.

Det er også viktig å nemna at det ligg klare føringar for kva omstillingsmidlar kan nyttast til frå sentralt hald. Følgjande står i artikkelen på Innovasjon Norge sine nettsider om omstillingsarbeid: «Midlene skal derfor primært brukes til prosjekter i tidlig fase, forstudie og forprosjekt, og er et supplement til de ordinære virkemidlene. Bruken av omstillingsmidlene skal være med å klargjøre og utrede prosjektene som et grunnlag for senere gjennomføring i hovedprosjekt.»

Blir det resultat av omstillingsarbeidet? Ein må kalla ein spade for ein spade og seia at me ligg langt bak måla for kor mange nye arbeidsplassar og innbyggjarar omstillingsarbeidet skulle resultera i. Grunnane til dette kan ein evaluera i det uendelege, og det er også slik at resultata av utviklingsarbeid gjerne kjem på lang sikt, først om mange år.

Men ein ting er klart på generell basis i høve omstillingsarbeid: På den eine sida må næringslivsapparatet i samhandling med kommunen evna å fokusera på dei rette områda og gjera dei rette prioriteringane. På den andre sida må næringslivet i omstillingskommunen fatta interesse for å nytta seg av moglegheitene som ligg i å ha omstillingsstatus. Sviktar det eine eller andre her, har ein ikkje nubbsjanse til å nå måla. 

No er det eitt år att av omstillingsstatusen, og me i Lærdal Næringsutvikling håpar alle som har idèar/tankar/planar som kan vera i retning av det som er skildra ovanfor kjem med desse til oss, så skal me gjera det me kan for å bistå. 

For når me bikkar over i 2019 og omstillingsstatusen har kome til endes er føresetnadene heilt annleis. Me skal jobba med utvikling då og, men då utan dei økonomiske verkemidlane ein får som omstillingskommune.