Kva skjer i omstillingsprosjektet på Håbakken?

Utvikling av næringsarealet på Håbakken og etablering av nye arbeidsplassar der, er ei hovudsatsing i omstillingsarbeidet i Lærdal. Prosjektet går framover, men ikkje så raskt som ein skulle ynskje. Her føl litt status i prosjektet.  

Håbakken 1

Reguleringsplanarbeidet på Håbakken 1, der Lærdal Grønt SA ynskjer å etablere seg, er ikkje ferdig. Det er kome motsegner frå NVE med omsyn til elva og flaumfare på Moldesida når ein fyller opp med masser på Håbakken. Det vert også  jobba med alternativ avkøyring til næringsområdet. Vi både håpar og trur at områdetkan bli ferdig regulert i løpet av 1. halvår 2017, men dette er avhengig av kor raskt ein får løyst motsegnene. Det er utfordrande å få til næringsområdet på Håbakken slik «mogleigheitsstudien» la opp til. Dette fordi nedre del av området er blitt vesentleg redusert, og at ein sjølvsagt må ta omsyn til det som allereie er etablert på Håbakken. 

Kontrollstasjonen

I moglegheitsstudien for Håbakken låg det som ein føresetnad at kontrollstasjonen til Statens Vegvesen blir flytta til område ved tunellen. LNU har laga ei utgreiing på kostnadar og utforming for ei ny plassering av kontrollstasjon. Kostnadane er høge, så det er vanskeleg å gjennomføre utan at Staten går inn og dekker kostnader. Ein har bevisst venta på ei avklaring om riksveg 52 vert valt som hovudveg mellom aust og vest før ein tek opp spørsmålet med Statens Vegvesen. Val av stamveg har betydning for Statens Vegvesen sin kontrollaktivitet på Håbakken. NTP er ikkje lagt fram i sin heilheit enno, men det som er komme fram er at riksveg 52 over Hemsedal blir hovudveg for næringstransport.  

Utfyllingsmassar

Det er svært positive at ein har fått tilgang på steinmassar, ca. 25.000 m3, som blir henta opp frå Lærdalselva nedanfor Voll-bru og køyrt ned på området mellom Trafikkstasjonen og Slinde Eigedom AS. Det er ideelt å få tak i massar sopass nær Håbakken, då lengda på transporten er svært avgjerande for utfyllingskostnadane. Massane frå elva er ikkje nok, så ein ser samstundes på moglegheiter for å få tak i massar andre stader, nærast mogleg Håbakken.

Håbakken 2

Reguleringsplanen for Håbakken 2 vart godkjent av kommunestyret i Lærdal. Her er det kome inn klage på vedtaket, difor er saka sendt til Fylkesmannen i Sogn og fjordane for endeleg avgjerd.   Ecoinowaste AS, som ynskjer å etablere seg på Håbakken, jobbar med å greie ut kritiske suksessfaktorar før dei tek den endelege avgjerda om å investere og eventuelt etablere seg på Håbakken. Ein av desse faktorane er om dei kan få ta i bruk Håbakken 2, og kva krav som blir stilt til etableringa. 

Vidare framdrift

LNU håper at det no ikkje tek so altfor lang tid før ein har på plass reguleringsplanane for Håbakken, slik at ein får starte arbeidet med å fylle opp og bygge ut næringsområdet. Dei konkrete etableringane det vert jobba med no er som nemnt Lærdal Grønt AS og Ecoinowaste AS. Når ein får avklart dei ytre rammene for næringsområdet kan ein gå meir aktivt ut å «selje» Håbakken.  I tillegg må ein starte dialogen med Statens Vegvesen om mogleg flytting av kontrollstasjonen.