Ledig stilling som prosjektleiar

Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) jobbar med å utvikla eksisterande næringsliv og leggja til rette for nyetableringar i Lærdal kommune. LNU er eigd av Lærdal kommune (65,9%) og Lærdal Næringssamskipnad (34,1%). Selskapet held til i moderne kontorlokale sentralt på Lærdalsøyri.

Lærdal har status som omstillingskommune, og har gjennom dette gode verkemiddel til å driva utviklingsarbeid. LNU har det operative ansvaret for gjennomføring av omstillingsprogrammet i Lærdal.

Omstillingsarbeidet handlar om å gjennomføra ulike prosjekt som skal bidra til å skapa vekst og utvikling i Lærdal. Me treng fleire ressursar til å fylgja opp desse prosjekta, og søkjer difor etter ein person til eit 2-årig engasjement som

 Prosjektleiar

50% av stillinga vil vera knytt til eit 2-årig pilotprosjekt som Lærdal kommune er plukka ut til å delta i. Andre oppgåver vil vera:

  • Prosjektleiing av ulike prosjekt i omstillingsarbeidet

  • Deltaking i planlegging og gjennomføring av utviklingstiltak og aktivitetar for næringslivet i Lærdal.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på høgskulenivå

  • Relevant arbeidserfaring

  • Erfaring som prosjektleiar

  • Relevant kunnskap innan økonomi og IT

Me ser etter ein person som er initiativrik, strukturert, har gode samarbeidsevner, god munnleg og skriftleg framstillingsevne, som likar å jobba sjølvstendig, men også i team. Det er ynskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid og frå det å driva fram prosessar. Erfaring frå arbeid i eller med næringslivet er også ein fordel.

Som tilsett i LNU får du ta del i ei spennande utvikling av Lærdal, i eit innovativt og uformelt arbeidsmiljø. Løn og vilkår etter nærmare avtale.

For meir informasjon om pilotprosjektet og stillinga elles, ta kontakt med dagleg leiar
Arve Tokvam, arve@laerdalnu.no eller 907 85 950.

Søknad med CV sendast til Lærdal Næringsutvikling AS, Postboks 28, 6886 Lærdal eller på
e-post til post@laerdalnu.no  innan 22. januar.