Lærdal skal finne løysingar for tomme lokale

Saman med Arendal og Tromsø er Lærdal peika ut som pilotkommune i eit prosjekt som skal finne måtar å skape liv att i tomme lokale.

  Frå venstre Siri Holmboe Høibo, Andreas Birger Johansen og Marte Dorothea Marstrand frå Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) var i Lærdal og orienterte om prosjektet som Lærdal no blir ein del av fram til 2018.

Frå venstre Siri Holmboe Høibo, Andreas Birger Johansen og Marte Dorothea Marstrand frå Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) var i Lærdal og orienterte om prosjektet som Lærdal no blir ein del av fram til 2018.

Dei tre svært ulike kommunane slit med det same som mange andre kommunar over heile landet gjer: Tomme lokale som fører til sentrumsdød. Medan netthandelen aukar, butikkane flaggar ut, lagerfunksjonar flyttar og kontor blir lagt i klynger, blir det som ein gong var folksame gater og torg, lagt meir eller mindre aude.

No skal Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) gjennom prosjektet «Levande lokale» finne måtar å skapa liv i tomme lokale. Saman med forskarar og fagfolk er det Lærdal, Arendal og Tromsø som er peika ut til å finne løysingar for å revitalisere sentrum.

Finne framtida
-Me veit mykje om kva som tradisjonelt skapar eit godt sentrum. Men me veit ikkje om dette også gjeld for framtidige bysentrum. Me veit heller ikkje nok om korleis me kan tilretteleggje betre for at tomme lokale blir teke i bruk av grupper som treng dei. Til dømes kan midlertidig bruk føre til meir permanent bruk på sikt, seier prosjektleiar Marte Dorothea Marstrand ved DOGA.
I fylgje ho gjer mange norske kommunar mykje bra for å revitalisere sentrum, men diverre ser det ut til å vere vanskeleg å knekke koden for varige løysingar.

I underkant av 30 kommunar søkte om å få delta i prosjektet. For å vere med forplikta deltakarane seg til å opprette ei 50 prosent prosjektstilling.
-Me er stolte over å blitt peika ut som pilotkommune. Tomme lokale og område har lenge vore ei utfordring for Lærdal, seier dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling AS.

 Gamle Lærdalsøyri er eit mål i prosjektet.

Gamle Lærdalsøyri er eit mål i prosjektet.

Prøvd før
No er korkje Lærdal eller andre norske kommuner ukjend med pilotprosjekt, utredningar og initiativ med gode siktemål. Men prosjektleiar Marte Dorothea Marstrand hevdar at «Levande lokale» skil seg frå andre tiltak i måten dei angrip problemstillinga på: På oppdrag frå DOGA har Eriksen og Skajaa arkitekter utarbeida ein rapport som samlar gode tiltak på aktivering av tomme lokaler i Norge og Europa. Denne rapporten ligg til grunn når Lærdal, Arendal og Tromsø skal eksperimentere med ulike tiltak for å få liv i sine lokale. Pilotkommunane skal følgast tett opp av DOGA sine fagfolk og ei referansegruppe med relevante aktørar fra privat- og offentleg sektor. I tillegg blir prosjektet fylgd av følgjeforskarar.

Prøve og feile
For å sikre ein god prosess vil DOGA legge opp til at kommunane tek i bruk designtenkning som metode. Det betyr blant anna at brukarane alltid skal stå i sentrum, det skal være rom for å prøve og feile og ikkje minst: Kommunane må lære seg å vere i ein eksperimenterande fase lenge, slik at dei får opp så mange gode løysningar som mogleg før dei konkluderar.