Miniseminar om arrangement i Lærdal

Lærdal har lange og stolte tradisjonar innanfor marknads- og arrangementsområdet. Lærdalsmarknaden er den mest kjente og profilerte, men Lærdal har eit omfattande tilbod av arrangement og aktivitetar. Desse skapar store sosiale og kulturelle verdiar for innbyggjarar og besøkande, og betydelege økonomiske verdiar for mange næringsdrivande i kommunen. Alt dette takka vera ein enorm frivillig innsats frå mange eldsjeler. Lærdal har god grunn til å vera stolte av det me kan tilby både innbyggjarar og besøkande av arrangement og aktivitetar året rundt.  

I samarbeid med Lærdalsmarknaden, Jordeplerock og Lærdal kommune, inviterer Lærdal Næringsutvikling til eit mini arbeidsseminar i Lærdal kulturhus måndag 6. februar kl. 17.00. Der ynskjer me å setja søkelyset på kva alle arrangementa og den frivillige innsatsen betyr for Lærdal. Men mest av alt ynskjer me å drøfta korleis eldsjeler, lag og organisasjonar, næringsliv og kommune gjennom betre samhandling kan bruka arrangement og aktivitetar til å fremja ytterlegare verdiskaping, auka trivsel og attraktivitet. På denne måten kan me også ta vare på og styrka alle eldsjelene som står bak dei ulike arrangementa.

Målgruppa for seminaret bør vera alle som er involverte i arrangement og aktivitetar, næringsdrivande, politikarar, Lærdal kommune og elles alle som ser verdien av ein sterk arrangements- og aktivitetssektor i Lærdal.

Påmelding

Program:

Kl. 17.00               Innleiing: Arrangement – verdiskaping på mange plan, ved Arve Tokvam

Kl. 17.15               Arrangement i Lærdal – kor står me og kor vil me?,  ved repr. frå arrangementa i Lærdal

Kl. 17.45               Arrangement og samarbeid på Beitostølen, ved Atle Hovi, adm. dir ved Beitostølen Resort

Kl. 18.15               Arrangementa og næringslivet, ved repr. for næringslivet i Lærdal

Kl. 18.30               Lærdal kommune sin rolle i arrangements- og marknadsarbeidet i Lærdal, ved rådmann Alf Olsen jr.

Kl. 18.45               Oppsummering og innleiing til gruppearbeid, ved Arve Tokvam

Kl. 19.00               Pause med enkel servering

Kl. 19.15               Gruppearbeid

Kl. 20.00               Presentasjon og drøfting i plenum

Kl. 21.30               Slutt